Velkommen til opning av Søndenåneset tømmerkai

6. januar opnar Søndenåneset tømmerkai i Vindafjord med brask og bram, og du er invitert! Stortingsrepresentant Line Henriette Hjemdal (KrF) og ordførar Ole Johan Vierdal (Sp) er blant dei som deltar på opninga.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 06.12.2016

Du er hjarteleg velkommen til opning av Søndenåneset tømmerkai 6. januar 2017. Søndenåneset har blitt oppgradert for å takle framtidas tømmertransport: større båtar og meir tømmer.

Tid: 6. januar kl. 10.30 - 13.00

Oppmøte på Søndenåneset tømmerkai (3 km sør for Vikedal sentrum i Vindafjord)

 Kart med vegforklaring frå Vikedal sentrum

 

Program:

10.30 Velkommen ved ordførar i Vindafjord, Ole Johan Vierdal (Sp)

10.35 Offisiell opning ved stortingsrepresentant Line Henriette Hjemdal (KrF)

10.50 Transport til bygdahuset i Vikedal

11.00 Kva skal vi bruke kaia til? Inga Apeland, logistikkansvarleg i Vestskog

11.10 Helsingar

11.45 Matservering + musikk

12.00 Mingling

13.00 Transport tilbake til kaia

 

Fylkesmannen i Rogaland har saman med Rogaland Skognæringsforum, Vestskog SA og Nortømmer AS vore med på planlegginga av tømmerkaia på Søndenåneset. Arbeidet er eit resultat av rapporten Aktuelle utbyggingsprosjekt av tømmerkaiar i Rogaland som kom ut i 2013.

 

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.