Nasjonal strategi for bioøkonomi framhevar skogen sin rolle i klimasamheng

Med overskrifta «Kjente ressurser – uante muligheter» la regjeringa fram sin strategi for bioøkonomi, som viser mogelegheitene innan dei fornybare ressursane i Noreg. Strategien skal gi overordna og langsiktige føringar for ein nasjonal innsats på området.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 02.12.2016

Fiskeriminister Per Sandberg, olje- og energiminister Tord Lien og landbruks- og matminister Jon Georg Dale la fram regjeringa sin strategi for bioøkonomi tysdag 29.november.

Strategien varslar auka fokus på skog som ein del av klimaløysinga, noko som også vil påverke Rogaland. Rogaland har om lag 260 000 hektar skogareal, der 140 000 hektar er produktiv skog. Ein større del av den ståande skogen vil i løpet av dei næraste 5-30 år bli hogstmoden, og signala departementa gir har betyding for korleis dette skal utnyttast.

Nokre tiltak vil påverke Rogaland og Vestlandsskogbruket spesielt:

  • Utnytte potensialet for auka, lønnsam og meir effektiv produksjon og uttak av fornybar biomasse
  • Utbetring av flaskehalsar i det offentlege vegnettet
  • Vidareutvikling av skogsvegnettet
  • Det offentlege skal vere forbilde og motivera til miljøvenlege byggeløysingar

Norges forskningsråd, Innovasjon Norge og Siva skal utarbeide ein felles handlingsplan for oppfølging av føringane i den nasjonale bioøkonomistrategien.

Les mer på Landbruk- og matdepartementet sine sider, eller last ned heile rapporten her.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.