Manglande investeringar i ny kvalitetsskog etter hogst i kystfylka

Fylkesmannsgruppa i kystskogbruket (FM-gruppa) har sendt eit felles brev til Landbruks- og matdepartementet og Landbruksdirektoratet om utfordringane rundt manglande forynging etter hogst i kystfylka.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 26.09.2017

I alt 10 fylke frå Vest-Agder til og med Finnmark ved FM-gruppa og landbruksdirektørane står bak innhaldet i brevet.

Ubalanse mellom hogst- og planteaktivitet

Enkle analysar viser at store skogareal med hogst av kvalitetsskog står utan aktive foryngingstiltak. Ein liten del av hogstarealet blir omdisponert til andre og godkjente formål, men dette ser ut til å utgjere ein liten del av totalarealet. Hogst- og plantestatestikken viser også det same, at det er stor og aukande ubalanse mellom hogst- og planteaktivitet. Vi registrerer at aukande hogstaktivitet ikkje blir følgt opp med tilsvarande foryngingstiltak/planting av ny kvalitetsskog.

Ber om tiltak for å snu trenden

I brevet blir det peika på fleire aktuelle tiltak rundt regelverk, forvaltning og innhald i «verktøykassa» for å snu den utviklinga ein no ser har gått over lang tid. Kartfesting av hogst for effektiv oppfølging i forvaltninga, er eit av fleire forslag på aktuelle tiltak. Sjølv om brevet har fokus på kva forvaltninga kan gjere, har både forvaltninga og skognæringa eit felles ansvar og krav om at det skal investerast i ny skog etter hogst, jf. foryngingsplikta nedfelt i Skogbrukslova og skognæringa si eiga sertifiseringsordning basert på Norsk PEFC Skogstandard for et bærekraftig norsk skogbruk. Skognæringa må sjølv vurdere sine tiltak. For å snu trenden må både skognæringa og forvaltninga samarbeide, og sjå på heile breidda av aktuelle tiltak.

Meir om innhaldet i brevet og vedlegg som viser utviklingstrekk og samanstilling av hogst- og planteareal finn du i høgre marg.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.