Skogbruk

Fylkesmannens oppgåver innanfor skogbruk er knytte til den langsiktige forvaltninga av skog som ressurs for lønnsam næringsverksemd. I samarbeid med andre aktørar er Fylkesmannen også engasjert i arbeidet for større verdiskaping basert på trevirke som råstoff.

Fylkesmannen skal vere ein pådrivar for auka bruk av trevirke som bygningsmateriale og til produksjon av bioenergi. Det er også eit viktig mål å medverke til at vi har ein infrastruktur som kan sikre ein effektiv og lønnsam hogst, samtidig som næringa tek omsyn til miljøet.

Fylkesmannen gir rettleiing og assistanse til kommunane på område som vegplanlegging, bioenergi, skogskjøtsel og miljøspørsmål. Andre arbeidsområde er koordinering av skogbruksplanlegginga i fylket, forvaltning av skogavgiftsordninga, tilskotsforvaltning og kontrolloppgåver.

Vis meir


24.07.2019

Nye kostnadsgrenser for skogkulturtiltak

Fylkesmannen har i samarbeid med næringsaktørane og kommunane utarbeidd nye maksimalsatsar og rettleiande kostnadsgrenser for skogkulturtiltak i Rogaland. Kostnadsgrenser for produksjon av juletre og pyntegrønt er inkludert.

17.06.2019

Ny hovudplan for skogbruksplanlegging

Ny hovudplan for skogbruksplanlegging med miljøregistreringar i Rogaland skal trekke opp hovudlinene for skogbruksplanlegginga i fylket dei neste 10 åra. Planen er utarbeida i samarbeid med skogeigarane sine organisasjonar og kommunane, og er eit viktig grunnlag for prioritering av tilskotsmidlar.

17.06.2019

Utgreiing av forbod mot bruk av utanlandske treslag til skogproduksjon

Miljødirektoratet og Landbruksdirektoratet meiner det ikkje er nødvendig å forby bruk av utenlandske treslag til skogproduksjon. Omsynet til biologisk mangfald blir balansert gjennom streng regulering av planting.

05.03.2019

Fokus på framtidige skogressursar i Rogaland

Torsdag 21. februar hadde forvaltninga og skognæringa den årlege skogsamlinga i Rogaland. Viktige tema som framtidig tilgang på hogstmoden skog og god forvaltning av skogressursane blei diskuterte.

05.03.2019

Forslag til felles skogforvaltning i Sør-Rogaland

Ei arbeidsgruppe oppnemnt av landbruksdirektøren har utarbeidd forslag til organisering og finansiering av felles skogforvaltning mellom 16–18 kommunar, frå Lund i sør til Hjelmeland i nord. Det er allereie sendt ut førespurnad til alle aktuelle kommunar for å avklare interessa.

20.02.2019

Mobilisering for gode fellesløysingar på skogsveg

Rogaland er eit fylke med låg skogsbilvegdekning, der det er store behov for felles vegløysninger over eigedomsgrenser. Prosjektet "Gode skogsvegløysningar i Rogaland" er inne i sitt tredje år, og viser at mobilisering og vegplanleggarkompetanse er effektive bidrag for å realisere framtidsretta vegløysningar i kommunane  

08.11.2018

Gris fóra opp på gran ein realitet

Noreg vekker internasjonal interesse for sitt arbeid med produsere dyrefór basert på norske skogressursar. 48 grisar på Norges miljø- og biovitenskapelige universitet NMBU har vokse opp på pellets frå norsk grantømmer. Professor Margareth Øverland frå Vindafjord er sentral i arbeidet med å utvikle den nye dyrematen.

30.10.2018

Ny podkast om forynging av barskog frå Skogkurs

Du som skogeigar er plikta til å sikre ein tilfredsstillande forynging etter hogst. For å lukkast med ei god etablering etter hogst, er det fleire ting du må tenkje på før hogst, men også under og etter etablering av ny skog. Skogkurs med Geir Myklestad, Mathis Lunde og Martin Moi Stener har gått i studio for å belyse temaet.

27.08.2018

«Grønn Frokost» markerte oppstart av ny satsing på trebruk i Rogaland

«Alle gode ting er tre» samla over 60 deltakarar onsdag 22. august på Statens hus, der tema var korleis vi kan auke bruken av tre i bygg og kvifor dette er viktig. I tillegg blei ei ny tresatsing i Rogaland presentert.

15.08.2018

Avslutningsarrangement for pilotprosjektet "Planting av skog på nye arealer som klimatiltak" i Rogaland

Pilotprosjektet "Planting for klima" starta i 2015 som ein oppfølging av Klimaforliket. Prosjektet har gått ut på å plante skog på opne attgroingsareal og for å auke skogsarealet og opptaket av CO2. Nå er den treårige pilotfasen over, og det skal sjølvsagt markerast med brask og bram.

Fleire nyhende


Kontaktpersonar