Rogalandsmodellen

Fram til og med søknadsomgangen pr. 31.07.2014 har den såkalla «Rogalandsmodellen» vore nytta i fylket. Denne kan ikkje lenger nyttast på same måte i saksbehandlinga som tidlegare.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 06.08.2015

Gjeldande krav for tilskot til inn- og utmarksbeite følgjer av jordbruksavtalen 2015 – 2016, kap. 7.7. Her står det at dyra må beite i minst 12/16 veker (avhengig av kva sone beitet ligg i) for å få utbetalt beitetilskot, og minst 5 veker i utmark for å ha rett på utmarksbeitetilskot.

Tal veker på beite er det talet veker der hovuddelen av det daglege grovfôrinntaket til dyret skjer ved beiting av utmark eller innmark med tilfredsstillande beitemoglegheiter. Berre ein mindre del av dagleg grovfôrinntak kan vere grovfôr som er tilført utanfrå eller slått på staden. For utmarksbeite må hovuddelen av det daglege grovfôrinntaket skje ved beiting i utmark.

Det er ikkje lenger krav om gjerde mellom inn- og utmark, men det er viktig å vere obs på kravet til fôropptak som gjeld for tilskota. Her kan det faglege innhaldet i Rogalandsmodellen om avlingsnivå og fôropptak framleis vere til hjelp i vurderinga. T.d. kan det stillast spørsmål til om kravet til fôropptak på utmarksbeite er oppfylt i tilfelle der dyra har rikeleg med innmarksbeite tilgjengeleg, og det ikkje er gjerde mellom innmark og utmark. I høgre marg finn de link til Rogalandsmodellen, der dei faglege vurderingane er opplista. Dersom alle dyra har tilgang på utmarksbeitet, er det også viktig å hugse på at utmarksbeitearealet må vere stort nok til at alle dyra kan ta opp hovuddelen av sitt grovfôrinntak i 5 veker for at kravet til utmarksbeittilskot skal vere oppfylt.

Vi gjer merksame på at dei faglege vurderingane i dokumentet er meint som generell rettleiing. Dei må alltid vurderast opp mot relevante lokale forhold.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.