Statsvitskapstudent med hjarte for landbruk

Josefine Gjøvik Michelsen skal kaste lys over forbrukarpreferansar for økologisk mat i Rogaland.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 13.01.2020

Josefine skal sette seg inn i den nasjonale politikken for økologisk landbruk og oppgåvene som Fylkesmannen i Rogaland har på dette området. I praksisperioden skal Josefine vere ein del av avdelinga, og ho kjem til å skrive ei oppgåve om økologisk mat og analysere forbrukarane i Rogaland. Sjølv om det blir produsert heller lite økologisk mat i Rogaland, står Rogalendingen for 7 prosent av omsetnaden av økologisk mat i Noreg. Bachelorstudenten frå Lørenskog studerer sitt andre år i Stavanger og sett pris på Jærstrendene, helst iført svart drakt og med eit surfebrett under armen.

Om praksisplassen hos Fylkesmannen meiner hun:«Jeg var heldig som fikk plassen hos landbruksavdelingen, her får jeg skrive om økologisk mat og hvilke preferanser rogalendingene har på dette området. Etter jeg begynte her har min interesse for temaet vokst i en rykende fart, og jeg gleder meg til fortsettelsen hos Fylkesmannen.»

Oppgåva vil krevje ein form for datainnsamling. To daglegvarekjeder har allereie gitt positiv tilbakemelding på å ta henne imot for utveksling. Korleis hun skal samle inn forbrukaropplysningar samt innhald er ikkje avklart enda. Har du innspel rundt det, må du gjerne ta kontakt med Josefine.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.