Tema-ark om plantevern i økologisk grønsaksproduksjon

Den norske produksjonen av økologiske grønsaker dekkjer ikkje auka etterspørselen. Mangelfull kunnskap om økologisk plantevern kan vere eit hinder for at fleire produserer økologisk.

God planlegging nødvendig. Vellykka plantevern i økologisk landbruk krev god kunnskap og planlegging, seier Grete Lene Serikstad, hovudforfattar av Tema-arka.

Det er mange skadegjerarar ein ikkje får gjort noko med når dei først har kome inn i åkeren, fordi kjemisk-syntetiske plantevernmiddel ikkje er tillate, meiner Serikstad. Produsentane må difor helst hindre at skadegjerarane kjem inn i åkeren.

Tema-arka gir ei kort oversikt over dei mest aktuelle skadegjerarane og skildring av tiltak for å unngå kvalitetsreduksjon og nedgang i avlingane. Tema-arka inneheld også lister over litteratur og aktuelle nettadresser. Serien omfattar plantevern for økologiske frilandsgrønsakar generelt, pluss hefter for gulrot, løkvekstar, salat og kålvekstar.

  • Last ned Tema-arka på høgre sida eller på Agropub sin nettside der de også får meir informasjon om økologisk dyrking av frilandsgrønsaker.
  • Mykje anna nyttig om forsøk og forsking innan økologisk landbruk finn de på www.agropub.no

Tema-arka er ugitt av Bioforsk Økologisk i samarbeid med Norsk Landbruksrådgiving og delfinansiert med midlar frå Landbruks- og matdepartementet via Handlingsplan for redusert risiko ved bruk av plantevernmidlar.