Sølv til Gosen skole

f.v.: Hilde Solberg, Annette Årthun, Henrikke Knutsen
f.v.: Hilde Solberg, Annette Årthun, Henrikke Knutsen

Som første ungdomsskole i Noreg, har Gosen skole i Stavanger fått Debio sitt serveringsmerke i sølv. Sølvmerket inneber at over 50 prosent av maten som blir servert i kantina er økologisk.

Rektor Hilde Solberg og staben hennar har jobba kontinuerleg med økologisk mat i skolekantina. Den berekraftige tenkjemåten har til og med fått plass i undervisninga. Kantina i skolen blei Debio sertifisert i 2004, og den økologiske delen ligg no på om lag 80 prosent. Debio sitt serveringsmerke i gull - som krev 90 prosent økologisk del - er målet for framtida.

Under ei markering på onsdag mottok Hilde Solberg (rektor), Annette Årthun (kantineansvarleg) og Henrikke Knutsen (underviser i Mat og helse) gratulasjonar, blomster og bilete frå Gabriele Brennhaugen frå Grønn Ø prosjektet i Stavanger kommune og Annabell Pfluger frå Fylkesmannens landbruksavdelinga.

Kontaktpersonar