Seminar 13. januar: dyrking av grønsaker utan kjemi

Driv du gard og dyrkar grønsaker utan bruk av kjemi, eller har du planer om det? Da kan dette seminaret på Øksnevad 13. januar vere noko for deg!

Tema for dagen er planlegging av grønsaksproduksjonen gjennom året. Målet er at deltakarane skal komme vidare i sin produksjon, og få innsikt i sentrale suksessfaktorar for å lukkast.

Målgruppa er både nye og erfarne produsentar som tenker heller smått enn stort. Hans Gaffke (NLR SørØst), Kari Aarekol (NLR Rogaland) og Bjarne Kvist-Hansen (Ullandhaug økologiske gård) er føredragshaldarar. Det er også sett av tid til å planlegge eigen produksjon.

Dato: onsdag 13.januar 2016
Tid: kl 9:30-15:45
Stad: Øksnevad vidaregåande på Klepp i det gamle skulehuset (kvitt, lite bygg)

 Program:

  • Velkommen.
  • Ressursgrunnlag. Jord, klima, vatn. Dyrkingsomfang, marknad v/Hans Gaffke.
  • Småskala grønnsaksdyrking i praksis v/Bjarne Kvist-Hansen.
  • Vekstskifte. Jordfruktbarhet. Gjødsling. Arrondering v/Hans Gaffke.
  • Skadegjerarar innan kålvekstar og gulrot. Biologi og førebyggande tiltak v/Kari Aarekol.
  • Grønnsaksdyrking gjennom sesongen. Planteoppal, jordarbeiding, planting/såing, ugrasregulering, innhausting, lagring. Demo av rekneark for planlegging v/Hans Gaffke.
  • Gruppearbeid/eigen dyrkingsplan.
  • Oppsummering.

Påmelding: På grunn av matservering er det påmelding innan 11. januar til Ane Harestad på epost: ane.harestad@lr.no eller mob 94164528. Det er ikkje deltakaravgift.

Om kvelden reiser foredragshaldaren Hans Gaffke vidare nordover for å halde innlegg i Aksdal!

Arrangørar er NLR Rogaland og Fylkesmannen i Rogaland. Dette er tiltak gjennom NLR sitt Økologisk Veiledningsprosjekt.

 

Kontaktpersonar