Omsetnad av økologisk mat når nye høgder

Økoku på Klepp
Økoku på Klepp

Salet av økologisk mat i daglegvarehandelen i Noreg auka med rundt 30 prosent frå 1,35 milliardar kroner i 2013 til 1,74 milliardar kroner i 2014. Landbruksdirektoratet har lagt fram rapporten "Produksjon og omsetning av økologiske landbruksvarer" for 2014.

Dei sterkaste drivarane til veksten var auka sal av grønsaker, frukt og barnemat.

Sal av økologisk frukt, bær og nøtter auka med 69 prosent, grønsaker og poteter med over 46 prosent, barnemat med 35 prosent og egg med 26 prosent. Største marknadsdel har barnemat med 57 prosent, soya og rismjølk med 50 prosent og  egg med 7,5 prosent av total omsetnad.

Også i andre kanalar som storhushaldning, bondens marknad og spesialbutikkar (utan helsekostbutikkar) auka salet med 19 prosent, medan abonnementsordningar auka med heile 46 prosent.

omsetning av økologiske varer 2014

omsetning av økologiske varer 2014

Last ned heile rapporten frå Landbruksdirektoratet.

Mykje import
Gledelig vekst, men basert på import, påpeiker Oikos – Økologisk Norge. Tala viser stø kurs mot stadig høgare omsetnad, og aldri har veksten vore så høg som no, sier Regine Andersen i Oikos - Økologisk Norge. Samtidig viser tala eit stadig større gap mellom omsetnad og produksjon. Gapet blir dekka med auka import.