Økologisk mat sel bra!

Omsetnad av økologiske varer i daglegvarehandelen auka med 30 % i fyrste halvår 2014. Salet gjennom andre kanalar auka med 20 %.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 22.09.2014

Salsvinnarane er særleg økologisk frukt og grønsaker (51 % auke), egg (15 % auke) og meieriprodukt (20 % auke). – Det er gledelig å se at omsetningen av økologiske varer har økt så mye, sier statssekretær i Landbruks- og matdepartementet Hanne Maren Blåfjelldal. – Dette viser tydelig at økologiske varer er noe forbrukerne etterspør i stadig større grad.

Ettersom statistikken blir vist i verdi, kan noko av veksten skuldast prisauke. Signala frå aktørar i marknaden vitnar om godt sal og stor etterspørsel etter blant anna økologiske gulrøter. Meir av den økologiske mjølka blei seld som økologisk, framfor å gå inn i konvensjonell vidareforedling.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.