Når vi måla om 15 prosent i 2020?

Stortinget har sett mål om 15 prosent produksjon og forbruk av økologisk mat innan 2020. Riksrevisjonen har nå gjennomført ei undersøking av arbeidet til styresmaktene for å nå måla om økologisk landbruk.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 23.02.2016

Hovudfunn i rapporten

Rapportens hovudfunn er:

  • Utviklinga for økologisk produksjon og forbruk er ikkje i samsvar med måla frå Stortinget
  • Det økologiske regelverket er komplekst og uoversiktleg
  • Stimuleringstiltaka er ikkje nok for å auke den økologiske produksjonen
  • Styresmaktene har ikkje lagt godt nok til rette for å auke det offentlege forbruket av økologisk mat
  • Den generiske marknadsføringa av økologisk mat er ikkje omfattande nok for å nå ut til forbrukarar, distributørar, storhushaldningar og dagligvarehandelen

Nedslåande funn?

Samstundes blir økologisk mat omsett som aldri før. Kjedebutikkane, spesialbutikkar og Bondens Marknad melder om auka omsetnad. Debio sin statistikk viser at det økologiske jordbruksarealet auka og utgjorde 4,9 prosent av det samla jordbruksarealet i Noreg. Det har blitt færre produsentar innan både økologisk og konvensjonelt landbruk dei siste åra. Men den negative utviklinga flatar ut blant økologiske, og det er færre som melder seg ut av ordninga. Innan foredling, import og omsetnad er det ein positiv vekst. Prosentandelen økologisk mat i daglegvarehandelen utgjorde 1,45 prosent i 2014. Det er framleis ein lang veg å gå, men utviklinga går i rett retning. Omsetnadsveksten i daglegvarehandelen var på rundt 30 prosent frå 2014 til 2015.

Nokon meiner at etterspurnaden etter økologisk mat vil auke i framtida. Viss ikkje produsentar kjem etter vil det bli basert på import av produkt som også kan bli produserte i Noreg. Dette er ikkje i tråd med intensjonen frå Stortinget om å dekke etterspurnaden med norsk produksjon. 

Coop gjekk nyleg ut med informasjon om at dei ønskjer meir norsk økologisk frukt og grønt. Nokre økologiske produsentar stoler ikkje på daglegvarehandelen og finn sine eigne salskanalar. Salstal frå direkte sal, andelslandbruk med meir viser ikkje igjen i statistikken. I rapporten frå Riksrevisjonen er det mykje snakk om flaskehalser. Er den største flaskehalsen kanskje bondens avmakt ovanfor grossist- og salsleddet?

Offentlege etatar kan bestille rapporten her: publikasjonsbestilling@dss.dep.no
Andre kan bestille her: offpub@fagbokforlaget.no

Les meir på nettsidene til Debio.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.