Kveldsmøte 13. januar: grønsaker utan kjemi

Økologiske gulrøter
Økologiske gulrøter

Haugaland landbruksrådgjeving og Fylkesmannen inviterer til kveldsmøte om småskala grønsaksproduksjon utan kjemi. 13. januar i Aksdal.

Dato: 13. januar 2016
Tid: kl 19.00
Stad: Tysvær rådhus i Aksdal

Målgruppa er produsentar som ønskjer å starte opp eller har lite erfaring fra før med dyrking av grønsaker i småskala for direkte sal og andelslandbruk. 

Foredragshaldar Hans Gaffke er tilsett i Norsk Landbruksrådgiving SørØst og driv eige kompetansesenter for økologisk grønsaksproduksjon i Østfold. På møtet vil Hans gå inn på dei viktigaste faktorarane for å lykkast med dyrking av grønsaker utan bruk av kjemi.

Møtet er gratis. Påmelding til Annlaug Fludal på annlaug.fludal@nlr.no eller 94845427.

Arrangementet er eit samarbeid mellom Haugaland landbruksrådgjeving og Fylkesmannen i Rogaland.

 

Kontaktpersonar