Har du ein prosjektidé innan økologisk mat og landbruk?

Økologisk selleri på Byre i Rogaland.
Økologisk selleri på Byre i Rogaland.

I så fall kan du søkje tilskot frå Landbruksdirektoratet. Ønsket er å få fram prosjekt som bidrar til kunnskapsutvikling eller reduserer hinder knytt til økologisk produksjon og marknad. Obs! Søknadsfristen er 15.september!

Kvart år vert det sett av middel til utviklingstiltak innan økologisk landbruk over jordbruksoppgjeret. Midla vert forvalta av Landbruksdirektoratet.

Prioriterte område for 2017

    • prosjekt som bidrar til å styrke privat og offentlig forbruk
    • prosjekt som styrker foredling og distribusjon
    • prosjekt som styrker og aukar informasjon og kommunikasjon om økologisk jordbruk
    • prosjekt som fremmar kontakt og samarbeid mellom primærprodusentar og marknadsaktørar.

Det kan være informasjons- og kommunikasjonstiltak, utretningar, utvikling av sals- og distribusjonsløysingar og produktutvikling.

Viktig informasjon for søkar

    • Målgruppa for prosjekta kan være produsentar, rådgivarar, marknadsaktørar og forbrukarar.
    • Ordninga kan ikkje støtte bedriftsutvikling hjå enkeltføretak, med mindre resultata frå prosjektet vil ha ein tydeleg og stor verdi for andre liknande verksemder.   
    • Offentleg forvaltning blir ikkje støtta. Faglag, organisajonar, rådgivinga eller produsentsamanslutningar kan søke.


Søknadsfristen er 15. september 2016.

Les meir om krav til prosjektet og søkaren på Landbruksdirektoratet sin nettstad. Lenke til søknadsskjema.