Flotte økologiske grønsaker

Økologisk mangold
Økologisk mangold

Gunnhild Flatebø og Harald Wiig Bjørn-Nielsen imponerar med mangfald og kvalitet i sin økologiske grønsaksproduksjon.

Ei gruppe på 16 personar tok i juni båten til Skansen på Byre for å besøke Gunnhild Flatebø og Harald Wiig Bjørn-Nielsen. Dei to overtok garden i 1995. I starten var det lite drift grunna andre arbeidsoppgåver som først måtte løysast. Dei siste åra har dei utvida meir og meir, og i dag har dei utegangarsau, grønsaker og poteter. Det er aldri mykje av eit slag, men stor variasjon. Her er det grøn grønkål, rød grønkål, knutekål, sumarkål, blomkål, mangold, salatar av ulike slag, stangselleri, knollselleri, løk, mais, persille, vårlauk og mykje meir å finne. Det er lagt opp til eit sju-årig vekstskifte. I følge Kari Aarekol, rådgivar i Norsk Landbruksrådgjeving Rogaland, er dette lurt. Sju års rullering er optimalt for å unngå klumprotsmitte i korsblomstra vekstar. I tillegg krev kålvekstar mykje næring, og då kjem vekstskifte over mange år godt med. Kari skrøyt av plantane: «Dette ser veldig fint ut, ikkje nokon mangel å sjå».

Utfordring med skadegjerarar

Nokre utfordringar møter Gunnhild og Harald likevel. Kålmøllen er eit problem i år. Den kom allereie i mai månad, og lagar mykje skade i både konvensjonell og økologisk produksjon. Symptoma er hull i blada. Eldre larver gnagar seg innover og kan gi stor skade.

Eit anna skadedyr er kålsommarfuglen som snauet dei ytre blada. Larvene er atskilleg større enn kålmøllarver og kan plukkast for hand. Mot begge skadegjerarane hjelper fiberduk eller nett. Her må ein vere veldig påpasseleg og ikkje stenge inne skadedyr når ein legg på duken. Det er med andre ord ikkje lurt å legge på duken mens møllen svermar, noko den helst gjer på kvelden. Dekking med insektnett kan redusere skadeomfanget, men forhindrar ikkje skaden fullstending. Kålmøllen har evna til å legge egg gjennom nettinga, spesielt i år med stor sverming.

Den største utfordringa i purren er rust. Kor sterk rusten slår til er sortsavhengig, og det kan hjelpe å prøve ein annan sort.

Det er lagt på jordekke av nedbrytbar maisplast i dei fleste kulturane. Det hevar temperaturen nokre grader og hindrar ugras. Vel å merke har Gunnhild og Harald ingen problem med sniglar på Byre. Viss snigelen er eit problem, kan maisplast forverra situasjonen.

Økologiske Dagligvarer

Gunnhild og Harald eig også matbutikken Økologiske Dagligvarer som er to butikkar i Stavanger med berre økologiske varer. Alt dei dyrkar på Byre blir selt på Økologiske Dagligvarer på Ullandhaug og Storhaug.

Knutekål og salat

Knutekål og salat


Arrangør: Norsk Landbruksrådgjeving Rogaland og Fylkesmannen i Rogaland

Kontaktpersonar