Er økologisk jordbruk lønnsamt?

Produsentprisar for økologiske poteter 2012-2015
Produsentprisar for økologiske poteter 2012-2015

Aldri før har etterspurnaden etter økologisk mat vore større enn nå. At det ikkje blir produsert meir økologisk mat i Noreg kan til en viss grad forklarast med for lite lønnsemd, høg risiko for avlingssvikt og usikkerheit i marknaden for frukt- og grønsaksbønder.  

Dette kom Norsk institutt for bioøkonomi (NIBIO) fram til i ein ny studie om økonomien i ulike økologiske produksjonar. Her er i korte trekk nokre av resultata:

Mjølk og grovfôrbasert kjøtproduksjon
Lågare avlingar fører til lågare produksjonsvolum. Høgare produktpris, kombinert med større tilskot og lågare kostnader, kompenserer for lågare volum.

Kvitt kjøt
Svært avgrensa produksjon med nokre få produsentar. Dei som har fått til sal gjennom alternative kanalar er nøgd med lønnsemda.

Korn
Minst like god økonomi i økologisk produksjon som i konvensjonell produksjon.

Frukt, grønsaker og poteter
Lønnsemda viser stor variasjon, og risikoen er størst for avlingstap og nedsett kvalitet. Fleirårige produksjonar er meir krevjande ettersom ein ikkje kan dra nytte av vekstskifte på same måte som i eittårige produksjonar. For grønsaker er det også ulike resultat mellom ulike kulturar.

I konklusjonen peikar forskarane bak rapporten på at å oppnå økologisk pris er eit viktig moment i produsentens vurderingar om å satse på økologisk. Det er ein skilnad mellom produksjon av mjølk/kjøt og frukt/grønt. I produksjon av mjølk og kjøt har produsentorganisasjonane større påverknad ved at dei også eig grossistleddet. I frukt- og grøntnæringa har produsentane ein svakare posisjon i marknaden. I rapporten heiter det at «En husdyrprodusent som har en avtale med organisasjonen, utsetter seg for en lavere prisrisiko ved å legge om til økologisk, enn en frukt- og grønnsaksprodusent.»

Les heile rapporten her

Kontaktpersonar