EU sitt øko-regelverk gjeldande i Noreg

EU-logoen kan bli brukt på varer som blir produsert og pakket i Noreg.
EU-logoen kan bli brukt på varer som blir produsert og pakket i Noreg.

EU-regelverket for økologisk produksjon gjelder i Noreg med verknad frå 18.mars 2017. Dermed er rammene og konkurransevilkåra for økologisk produksjon like med EU. Det er spesielt viktig dersom verksemder ønsker å eksportere økologiske produkt.

Nokre av de viktigaste endringane er:

Krav til minimum 50 prosent fast dekke i sauefjøs
Gjeldande krav til storleiken på innearealet blir vidareført, med minimum 1,5 kvm per dyr. Halvparten, altså minst 0,75 kvm per dyr må være tett golv. Husdyrrom skal ha ein rein og tørr liggeplass med tilgang til strø.

Innstramming i krav til bruk av lokalprodusert fôr
I svine- og fjørfeproduksjon er det innført eit krav om bruk av minimum 20 prosent fôr frå eigen gard eller produsert i regionen. Dette omfattar også kraftfôr levert av fôrverksemder. For drøvtyggarar er det eit krav om at 60 prosent av fôret skal komme frå eigen gard eller regionen. Her er ikkje fôrverksemder med i berekninga.

«Region» vil tolkast som Noreg og nærliggande områder i Noreg sine naboland.

Parallellproduksjon ved dyrking av fleirårige vekstar
Det er nå krav om ulike sortar som lett kan skiljast frå kvarandre. Dersom dei ikkje lett kan skiljast må det ligge føre ein godkjend plan for omlegging av heile arealet.

Tillate innsatsvarer
Forbodet mot koppar som plantevernmiddel er nå oppheva. Det er innført forbod mot bruk av konvensjonell fjørfegjødsel der dyra har blitt fora med antiparasittmiddel (koksidiostatika).

Les meir om endringane på Mattilsynet sine nettsider. I høgremargen finn du ein rapport frå NIBIO, eit oppslag frå bladet Økologisk Landbruk om golv til sau og det oppdaterte regelverket for økologisk landbruk.