Andelslandbruk - noko for deg?

Har du lyst å vite meir om andelslandbruk? Kom på ope møte torsdag 5. november i Aksdal!

Andelslandbruk er kanskje det nærmaste du kan komme å vere gardbrukar, utan å vere det. Det spesielle med ordninga er at forbrukarane kjøper delar av produksjonen på garden, til dømes for eit år av gangen, og deler risikoen for årsvariasjonar i avlingane. Som andelshavarar kan forbrukarane vere med i planlegginga, produksjonen og haustinga.

Dato og tid: torsdag 5. november kl. 19.00-21.00
Stad: kommunestyresalen på rådhuset i Aksdal

Program

  • Velkomst
    Vivian Huglen, Bonde– og Småbrukarlaget i Tysvær og Bokn
  • Korleis verkar andelslandbruk?
    Annabell Pfluger, Fylkesmannen i Rogaland

  • Andelslandbruk i Sandnes
    Torill Østraat/ Jone Hauken, Andelslandbruk Sandnes

  • Eg vil vita kva eg et!
    Anne Grete Bjørknes, Oikos Rogaland

  • Spørsmål og dialog

Påmelding innan 3. november til Annabell Pfluger på telefon 51 56  89 71 eller e-post fmroapf@fylkesmannen.no

Andelslandbruk er meir utbreidd i andre land som til dømes Japan, USA og England under namnet Community Supported Agriculture (CSA). I seinare tid har andelslandbruk også fått fotfeste i Noreg. I 2014 var det rundt 15 gardar i Noreg. Interessa blant forbrukarar er aukande, særleg i bynære strøk.

Nokre døme på andelslandbruk i Noreg:
www.sandnesandel.weebly.com
www.overlandel.no

www.arhus.origo.no

Meir informasjon om andelslandbruk finn du på www.andelslandbruk.origo.no