Økologisk landbruk

I økologisk produksjon blir det sett ekstra krav til miljøomsyn og dyrevelferd. Økologisk landbruk kan bidra til å gjere norsk landbruk meir miljøvennleg og berekraftig, fordi erfaringar frå økologiske driftsformer blir overførte til det det konvensjonelle jordbruket.

I økologisk landbruk er målet å bruke dei lokale og fornybare ressursane på kvart gardsbruk og å bevare og forvalte det biologiske mangfaldet og kulturlandskapet. Det blir til dømes ikkje nytta kunstgjødsel eller kjemisk-syntetiske sprøytemiddel, og regelverket avgrensar kor mange dyr som kan haldast på eit bestemt areal. Økologisk landbruk bidreg dessutan til auka matmangfald og at forbrukarane får tilgang til produkta dei ønskjer. Debio godkjenner og fører kontroll med den økologiske landbruksproduksjonen. 

Fylkesmannens oppgåver

Fylkesmennene har ansvar for å støtte utviklinga av økologisk landbruk gjennom forvaltning av tilskot til utgreiings- og tilretteleggingstiltak. Dette er midlar som kan løyvast til organisasjonar, institusjonar, kommunar og ulike former for samarbeidsorgan.

Fylkesmannen skal medverke til auka økologisk matproduksjon, og seks føregangsfylke har fått eit særskilt ansvar for å medverke til økologisk produksjon og omsetning av norske økologiske produkt.

Dei seks føregangsfylka har følgjande satsingsområde:

  • Økologisk korn - Oppland
  • Levande matjord - Buskerud
  • Økologisk mjølk - Sør-Trøndelag og Nord-Trøndelag
  • Økologiske grønnsaker og poteter - Vestfold
  • Økologisk frukt og bær - Hordaland og Sogn og Fjordane
  • Økologisk mat i storhushaldningar – Oslo og Akershus og Østfold

Vis meir


01.08.2018

Driv du økologisk landbruk og har lite grovfôr?

Mange bønder opplever lågare avlingar enn vanleg i år grunna tørke og venter spent på om veret legg til rette for ein god 3. slått. Debio opplyser på sin nettstad om alternativ om du ikkje har tilstrekkeleg med økologisk godkjent grovfôr.


28.05.2018

Jordbruksoppgjeret og økologisk landbruk

Tilskotssatsar for nokre produksjonar kjem til å auke. Det blir gitt tilskot for 1.års karens-areal. Midlar for utviklingstiltak innan økologisk er uforandra. 


14.03.2018

Fagstoff- dyrking av økologiske grønsaker og poteter

Nyttige dyrkingsrettleiarar tilgjengeleg på nett!


08.02.2018

Økologisk landbruk i medvind

Utviklinga av tal bruk med økologisk produksjon er etter mange års stagnasjon positiv. Denne nyhenda blei godt motteken av deltakarane på fag- og inspirasjonssamling for økologisk landbruk 2. -3. februar. Her kan du finne presentasjonane som blei brukt.


22.11.2017

Spennande fag- og inspirasjonssamling for økologisk landbruk 2-3. februar 2018

Ikkje gå glipp av fag- og inspirasjonssamlinga på Rennesøy. Samlinga er ein møtestad for bønder med eller utan økologisk produksjon, rådgjeving, tilsette i kommunane og alle andre som er interesserte i økologisk landbruk.


03.10.2017

Vel økologisk mat for miljøet

Nordmenn kjøper økologisk fordi de meiner det er meir miljøvennleg og gir betre dyrevelferd enn konvensjonell produsert mat.


13.09.2017

Kom deg ut på ØKOUKA 19.-27. september

Ei feiring av norsk økologisk mat med fokus på råvarer, kunnskap og inspirasjon. Mange spennande arrangement – noko passar også for deg!


12.09.2017

Fagseminar om Jordfruktbarheit med Martin Beck

Jordfruktbarheit og jordlivet er avgjerande for plantevekst og gode avlingar. På fagdagen 28.sept er dette eit sentralt tema.


26.05.2017

Markvandring: Grønsaker utan kjemi

NLR Rogaland inviterer alle interesserte grønsaksprodusentar til markvandring. Ei på Haugalandet 7. juni, og ei på Jæren 8. juni. Her blir det tid til å utveksle erfaringer om tiltak mot ugras og dyrkingsteknikk i økologisk produksjon. 


05.04.2017

Kart over økologisk produksjon

Vil du vite kvar produsentane med økologisk drift i din region held til? Eller kva dei dyrkar?


Fleire nyhende