Hald av 15. mars til Landbrukskonferansen 2021

Landbrukskonferansen 2021 går i lufta, eller digitalt som mange seier. Annleisåret 2020 har lært oss å sette pris på god og trygg matvareforsyning, og Rogaland har levert. Men kva nå? Vi spør oss, deg og politikarane: Korleis blir framtida for landbruket i Rogaland? Vi må snakke om jordvernet når – alle vil ha matjorda.

Publisert 19.11.2020

Vi har mellom anna fått med oss statssekretær Heidi Karin Nakken i KMD, generalsekretær Sigrid Hjørnegård i Norges Bondelag og Bothild Å. Nordsletten som er redaktør i Bondevennen. Våre politikarar blir sjølvsagt utfordra i valåret 2021.

Som vanleg er landbrukskonferansen eit samarbeid mellom Fylkesmannen i Rogaland, Rogaland fylkeskommune, KS, NHO, LO, Rogaland bondelag, Landbruksråd Rogaland, Agrovisjon og Rogaland landbruksselskap.

Vi håper du vil sette av 3 timer til å bli pitte litt klokare. Meir informasjon kjem!

Kontaktpersonar