Fotokonkurranse: Mangfaldig landbruk i Rogaland!

Fylkesmannen i Rogaland si landbruksavdeling inviterer deg til å delta på vår fotokonkurranse. Ta bilete av ditt lokale landbruk og bli med i konkurransen om å vinna flotte premiar!

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 28.08.2020

Del dine lokale og ulike landbruksopplevingar med oss og send inn dine beste bilete til vår fotokonkurranse "Mangfaldig landbruk i Rogaland". Fristen for å sende inn bidrag er 30. september. Fotokonkurransen er open for alle og du treng ikkje avansert fotoapparat eller mykje kunnskap om fotografering for å delta.

Temaet for konkurransen er “Mangfaldig landbruk i Rogaland”;  frå produsent til produkt, frå jord til skog, og frå kyst til hei. Med dette ynskjer me å vise kor variert landbruket kan vere og moglegheitene som ligg i å drive med landbruk i fylket vårt. Ynskjer du litt inspirasjon kan du sjå ordskya lenger ned i artikkelen.

Slik deltar du

Send bileta på e-post til: fotokonkurranse.rogaland@fylkesmannen.no

Med e-posten må det vera opplysningar om:

  • Namn på fotograf
  • Beskriving av motivet på biletet
  • Kvar biletet er tatt

Premiar

Det blir delt ut premiar for dei tre flottaste bileta. Premiane er lokalproduserte produkt frå landbruksbedrifter i Rogaland:

  1. plass – Gåvekort på juletre frå ein lokal forhandlar
  2. plass – Kje-skinn og lokalmatspesialitetar
  3. plass – Gåvepose med lokalmatspesialitetar

Resultatet av konkurransen blir annonsert på Fylkesmannen i Rogaland si heimeside og facebooksida “Fylkesmannen og bonden i Rogaland” den 15. oktober.

Retningsliner for fotokonkurransen

Fotokonkurransen er for alle. Personar som har fotografering som inntektskjelde kan delta på lik linje med andre, men ved deltaking seier dei i frå seg retten til betaling for bileta utover ei eventuell premiering. 

Vilkår for deltaking:

  • Innsendaren kan berre delta med bilete han/ho sjølv har teke
  • Motivet på bilete må vere frå Rogaland
  • Fristen for å sende inn bilete er 30. september

Det treng ikkje å vere nye bilete, bilete frå tidlegare anledningar kan også sendast inn til konkurransen.

Innsendaren har sjølv ansvar for å ha opphavsrett til bileta og sørge for at avbilda personar er gjort kjend med og har godkjend at bileta blir brukt i offentlegheita. For bileta av born, må innsendar ha godkjenning frå foreldra om at bileta er med i fotokonkurransen.

Kvalitet på bileta

Bileta bør vera av så god teknisk kvalitet at dei kan brukast på trykk. Bilete teke med mobilkamera er tillate.

Jury

Bileta vil bli vurdert av ein jury beståande av kommunikasjonssjef John Gunnar Skien og ei gruppe tilsette ved Fylkesmannen si landbruksavdeling.

Medlemmar av juryen, og ektefelle, sambuar, foreldre eller born av medlemmar i juryen, har anledning til å sende inn bilete, men vil ikkje kunne delta i konkurransen.

Bruk av bileta

Alle bileta blir automatisk offentlege ved innsending til konkurransen. Bileta vil kunne bli brukt i digitale artiklar, trykksaker og sosiale medium av Fylkesmannen i Rogaland. Slik bruk vil skje utan vederlag til fotografen, men fotografen vil bli namngitt.

Landbruksavdelinga ved Fylkesmannen i Rogaland er arrangør av konkurransen.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.