Stavanger ysteri med Lise Brunborg og økobonden Kolbjørn Anda til topps!

Lise Brunborg og Kolbjørn Anda er blant dei tre beste i landet i konkurransen om årets bedriftsutviklingspris i landbruket. Tidlegare i haust fekk dei Bygdeutviklingsprisen i Rogaland, og nå er vi spente på om dei vil vinne den nasjonale prisen på 250 000 kr.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 13.12.2018

Sjølve kåringa skjer i Berlin under landbruks- og matmessa Grüne Woche i januar, og det er landbruks- og matminister Bård Hoksrud som skal dele ut prisen på kr 250 000. Vi håper Lise Brunborg og Kolbjørn Anda går av med sigeren, og ønskjer dei lykke til i superfinalen.

Godt samarbeid

Historia startar med eit glimrande samspel mellom ein bonde på Randaberg og ei byjente frå Stavanger som hadde ein draum om å starte opp eigen osteproduksjon. Ut av Noregs einaste by-ysteri trillar bokstavleg talt, på sykkel, kvalitetsostar frå Stavanger ysteri. Mest profilert er osten Fønix som vi finn i kvalitetsbutikkar og restaurantar over heile Noreg.

Fag og lidenskap

Lise Brunborg tok utdanning innan meieriteknologi ved Norges miljø- og biovitenskaplige universitet på Ås. I 2012 var ho ferdig utdanna. Kunnskapen ho har tileigna seg delar ho flittig vekk til andre som er interesserte i foredling av mjølk. Ho representerer Matregion Rogaland på ein fortreffeleg måte. Her er det snakk om kreativitet, høg kvalitet og finesse.

Kvalitetsbevisst økomjølkbonde

Men, for å få kvalitetsost må Lise ha tilgang på kvalitetsmjølk, og det får ho av Kolbjørn Anda. Bonde med 28 mjølkekyr der halvparten av mjølka blir levert til Stavanger ysteri. Han er ein mangeårig forkjempar for betre miljø og økologisk landbruk. Ein truverdig bonde med eit stort politisk engasjement.

Kolbjørn fraktar til byen dagsfersk, upasteurisert mjølk på tanken, koplar til slangen i veggen og på den andre sida tar Lise mot mjølka i ystekaret. Her skillast det klart mellom urein og rein sone. Hygiene står i høgsetet. Det handlar om kvalitet og fingerspitzgefühl. Ekte handverksostar blir trylla fram. Fønix er allereie nemnt, men også Pan, Konrad og Snedig er populære hos kundane.

Fekk bygdeutviklingsprisen i Rogaland

Bygdeutviklingsprisen i Rogaland var ein diplom og kr 50 000, og blei utdelt av Tone Grindland, regiondirektør i NHO under årskonferansen til Greater Stavanger i haust.

 

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.