Vellukka 4H-landsleir på Øksnevad vidaregåande skule

Mykje sol og sjarm blei det for ungdommane som gjesta Rogaland i førre veka. Med seg heim har dei leirsekken full av flotte naturopplevingar, kjekke aktivitetar og mange, nye vennar!

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 08.08.2018

Det har vore mykje god mediaomtale av 4H i desse dagane i samband med landsleiren som nyleg blei arrangert på Øksnevad vgs.

Heile 940 unge deltok pluss alle hjelparane. 4H Rogaland var vertskap og arrangør, og dei fekk stor honnør for det svært vellukka arrangementet. Temaet for landsleiren var «Nærmiljø og identitet», blant anna for at deltakarane skulle bli betre kjent med kva mat- og landbruksfylket Rogaland hadde å by på, også i høve til natur- og kulturopplevingar. Programmet og aktivitetsmenyen blei difor omfattande, slik at alle kunne velje innan sine interesseområde. Alt i frå slaktekurs og traktorpulling til fuglesafari på Jærstrendene og tur til Preikestolen.

4H – ein av verdas største ungdomsorganisasjonar

4H er ein av verdas største ungdomsorganisasjonar, og det er 4H-klubbar i over 80 land. 4H Norge har rundt 600 aktive klubbar med meir enn 14.000 medlemmar. I 4H Rogaland er det 35 klubbar med til saman 1440 medlemmar.

4H blei starta i USA i 1902 for å lære ungdom om landbruk og matproduksjon, og for å hindre fråflytting inn til byane. Organisasjonen har fortsett nær tilknyting til landbruket, men har i dag eit breiare føremål. «4H skal utvikla ein aktiv og samfunnsengasjert ungdom med ansvarskjensle og respekt for natur og menneske. Mottoet deira er «Å læra ved å gjera». I 4H-løftet heiter det: «Me lovar å arbeida mot det mål å bli ein ungdom med klart hovud, varmt hjarta, flinke hender og god helse.». Vi kjenner att dei 4 H-ane.

4H– ein god læringsarena

Kvart år gjennomfører 4H-medlemene eit prosjekt, anten åleine eller saman med andre i 4H-klubben. Dei vel sjølve tema for prosjektet. Prosjekta er delt inn i programområda: natur, kultur, samfunn og helse. Oppgåver innan natur- og miljø samt dyrehald er populære. Rettleiing får ungdommane av klubbrådgjevarane eller andre hjelparar.  

Mange 4H-klubbar har engasjert seg i ulike samfunnsnyttige prosjekter, det kan vere nærmiljøutvikling, medverke til meir forståing for andre kulturar osv. Prosjektet «Ut på tur med 4H»  har hatt som føremål å invitere med barn og ungdom frå innvandrar- og flyktningmiljøa.

Eit 4H-medlem vil på ein naturleg måte lære mykje om organisasjonsarbeid. Organisasjonen er medlemsstyrt, det vil seie at det er medlemene sjølve som bestemmer kva dei vil utforska og tileigna seg kunnskap om. Klubben gjennomfører kvart år eit årsmøte der årsplanar og budsjett blir vedteke på demokratisk vis, og styret blir valt. Kurs i leiaropplæring, organisasjonsarbeid og ulike emne i tilknyting til 4H-prosjekta blir gitt av fylkesledda og hovudkontoret.

Kvart år får alle 4H-medlemmene tilbod om å vera med på leir. Det er aspirantleir for dei yngste og fylkesleir, landsleir eller nordisk leir for dei eldste.

Mange leiarar innan både privat og offentleg verksemd fortel at dei er tidlegare 4H-medlemmar. Også mange politikarar har 4H-bakgrunn. Så det er ingen grunn til å vente med å melde seg inn.

4H-gard og Inn på tunet

Ein 4H-gard er ein gard/gardsanlegg/seter som tar imot barn, ungdom og vaksne til pedagogisk tilrettelagte besøk. 4H-gardane er med i nettverket 4H-gard Norge som igjen er med i det europeiske nettverket EFCF (European Federation of City Farms). I Rogaland er det ein 4H-gard – Kviagarden på  Vitensenteret på Nærbø.

I Rogaland har vi også fleire såkalla Inn på tunet gardar, der mange har tilbod til barn og unge.

Inn på tunet er tilrettelagte og kvalitetssikra velferdstenester på gardsbruk, og har mykje felles med 4H-gardane både i føremål og innhald. 4H sitt opplegg med gardsferie - tilbake til nittitalet - var starten for mange vertsfamiliar på det som etter kvart blei kalla for «grøn omsorg». I dag nyttast merkevarenamnet Inn på tunet, som inkluderer tilbod til både oppvekst/skule så vel som helse-, sosial- og omsorgssektoren.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.