Satsar på sider i Hjelmeland

Dan Olav Sæbø (31) frå Hjelmeland tok over fruktgarden i Hjelmeland ved årsskiftet 2019/20. Garden på Sæbø er ein gammal fruktgard, og heile garden skal no plantast til med frukttre etter den nye dyrkingsmetoden. I fjor starta han med ein prøveproduksjon av eplesider og har produsert om lag 1200 liter - hovudsakeleg av eple frå eigen gard. Det meste sel han på eit gardsutsal på garden, men frå hausten av er det også planar om å selje til restaurantar i Rogaland.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 06.05.2020

På fruktgarden blir det no planta 20 dekar med nye epletre og noko plommetre med støtte frå Innovasjon Norge. Samstundes med at dei gamle frukttrea blir tekne bort og 7000 nye tre vert planta, gjer han felta meir effektive ved arrondering.

Brukar eigne eple og sel frå tunet

Dan Olav har vore på kurs i siderproduksjon i Hardanger og har også skaffa seg dei naudsynte løyva for å produsere alkoholhaldig sider og selje den frå eigen gard, til restaurantar og Vinmonopolet. Sideren har eit innhald på 6 prosent alkohol. Epleprodusentar som bruker minimum ein tredel eple frå eigen gard, kan få løyve til å selja frå eige utsal. Apal Sider vert no seld frå gardsutsal heime på garden, hos Galleri Hagalid og frå hausten av vil også nokre restaurantar i Stavanger og på Tau prøve den. Han har dei siste to månadene seld om lag 1000 flasker og har berre 250 igjen av den første produksjonen.

Gamle epletre blei fjerna før felta blei klargjort for ny planting. (Foto: Dan Olav Sæbø).

Dan Olav vil utnytte dei epla som ikkje vert sendt til forbrukar til sider. I fjor produserte Apal Sideri 1200 liter sider, og då trong han om lag 2000 kg eple. For å få ei lønsam drift trengst det eit produksjonsvolum på mellom 15-30 000 liter sider. Eplesideren treng ei gjæringstid på to månader, og Dan Olav trur at eplesider frå i år vert klar i månadsskiftet november/desember. Råstoffet til siderproduksjonen blir eple frå eigen produksjon og i tillegg vil han kjøpe inn eple frå pakkeriet i Årdal.

Siderproduksjonen vil truleg ikkje gi mange nye arbeidsplassar. Dan Olav reknar med at han skal gjera det meste av arbeidet sjølv med unntak av ekstrahjelp i fruktsesongen. Han har også planar om å rive den gamle løa på garden og investere i eit nytt produksjonsanlegg.

Fleire startar opp siderproduksjon

Eit par kilometer unna, på Fevoll, har Bodil og Andreas Kvame planta 17.000 epletre og 10 dekar med moreller i tunnel. I år skal dei også i gong med siderproduksjon gjennom selskapet OmCider.

Innovasjon Norge har gode støtteordningar til både fruktdyrking og tilleggsnæringar som dette:

Tilskot til tradisjonelt landbruk

Tilskot til tilleggsnæring

 

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.