Pioneren Olav Røysland frå Voll fekk Bedriftsutviklingsprisen for landbruket 2019

Olav Røysland har investert fire millionar kroner for å kunna dyrka økologiske bær.
Olav Røysland har investert fire millionar kroner for å kunna dyrka økologiske bær. (Foto: Eli Munkeby Serigstad / Fylkesmannen i Rogaland)

Den innovative bonden foredlar husdyrgjødsel til biogass, og bioresten nyttar han til eigen produksjon av økologiske bær. Han er ein meister i å tenke nytt og har vore ein pilot for satsinga på biogass i Rogaland.

Olav Røysland er ein framifrå representant for bondenæringa. Han har teft for utvikling og forsking på landbruket sine ressursar. På Voll driv han gard med svin- og potetproduksjon, og har verkeleg tatt tak i klima- og miljøutfordringane.

Klimasmart

Husdyrgjødsla er bonden sitt gull, men med sannsynlege endringar i spreiearealskrava må noko gjerast kring utfordringane knyta til omfanget av husdyrgjødsel på Jæren. Olav er dyktig til å tilpasse seg og er smart. Ikkje minst kjem utdanninga innan elektrofag godt med når han har utvikla og etablert Jæren biogass AS. Han har satsa på det ukjende og har investert mange millionar på garden.

Samarbeid med forskingsmiljø

Det bur ein forskar i Olav, og denne forskaren ønskte å ta ut potensialet i husdyrgjødsla i form av gass og i ny bruk av bioresten. Olav har samarbeid tett med forskarar ved Norsk institutt for biovitenskap på Særheim, Norsk naturgjødsel og andre bønder. Utvikling av biogass er ikkje ny teknologi, men det handlar om å hente heim kunnskap og å få til ei lønsam drift ved anlegget. Det som driv Olav vidare nå, er bioresten og kva for bruksområde den kan ha.

Først i Rogaland med økologiske jordbær

Sommaren 2019 starta han med produksjon av økologiske jordbær og bringebær dyrka i eigenprodusert vekstmedium. Olav Røysland har investert 4 millionar kroner i 9,5 dekar med tunnel, derav 8 dekar med jordbær, resten med bringebær. Innovasjon Norge har gitt støtte til investeringane. Verksemda Bærå er av dei første i Rogaland med å levere økologiske jordbær- og bringebær.

Fylkesmannen i Rogaland gratulerer med prisen!