Pakketurar skal få fleire til å bruke tid på Jæren

Eit typisk bilete på Jæren.
Eit typisk bilete på Jæren.

Reiselivsaktørar har gått saman og laga ferdig reiserute for el-syklar frå Sola til Eigersund. Den første testturen er nå gjennomført.

Jærkommunane skapte gjennom eit felles reiselivsprosjekt eit møtearena for reiselivsaktørar, matprodusentar og gardsutsal. Det resulterte i mange gode samtaler mellom bedriftane og konkrete idear for pakketurar. Ein av turane ble valt ut til å være prøveturen. To etablerte turoperatørar fikk være med på den 3 dager lange el-sykkelturen der aktivitet, kultur og mat har blitt sydd saman til ein innhaldsrik oppleving. Ikkje færre enn 15 stoppestad sto på programmet, nokon av dei er Erga gardsutsal, Vitengarden og Knudaheio.

Prosjektet er eit samarbeid mellom Klepp, Time og Hå kommune og er støtta gjennom Fylkesmannen sine utgreiings-og tilretteleggingsmidlar.

Kontaktpersonar