Optimistar på Indre Evja i Sokndal

Gunvor og Gaute Urdal frå Indre Evja i Sokndal driv med mangesysleri, og har gjort ein stor innsats for å bygga opp driftsgrunnlaget basert på ressursane på garden. Større optimistar skal du leite lenge etter.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 07.05.2019

Vi var på gardsbesøk i samband med ein fagtur til Dalane den 24. april, og besøket hos familien Urdal gav oss noko å tenka på. Vårt utgangspunkt for besøket var å skaffa oss kunnskap om utfordringar knytt til landbruket i Sokndal, og sjå på potensiale for meir verdiskaping i primærnæringane. Då passa det godt å treffa slike som Gunvor og Gaute.

Godt døme på kombinasjonsbruk

Urdal er allsidige bønder som driv med mjølk, gris, sau og kantslått. Mjølka blir produsert i båsfjøs, og smågrisproduksjon i tilstøtande bygg. Det er bygd sauehus i tilknyting til beiteområda, og neste generasjon har planar om å starte med birøkt. Gode fiskevatn er også ein ressurs.

Beite som viktigaste ressurs

På garden er det gjort ein sjeldan stor innsats for å rydde nytt beite, og vi fekk høve til å køyra buss på sjølvbygde veganlegg inn i det flotte beitelandskapet. Over bakketoppen fekk vi sjå det moderne sauehuset strategisk plassert i forhold til beitebruk. Vi blei særleg imponert over all den innsatsen som er gjort på garden, inkludert på tilleggsjord kjøpt frå nabogarden, når det gjeld etablering av nytt kulturbeite. Dette styrkar fôrgrunnlaget, og sikrar eige spreieareal for gjødsel.

Besøket gir oss tru på framtida for landbruket i Dalane

Ein time med optimisme frå Urdal gav oss tru på landbruket i Dalane inn i framtida, basert på optimal utnytting av ressursane. Det var ekstra kjekt å få høyra at neste generasjon står klar til å overta drifta. Vårt råd er å ta ein tur til familien Urdal om du treng motivasjon for vidare satsing i landbruket. For å sitere Gaute; «Eg kan reisa langt for å vera saman med ein optimist».

 

 

 

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.

Kontaktpersonar