Ny støtteordning for arrangørar av messer og festivalar

Regjeringa foreslår å etablere ei støtteordning for store, publikumsopne arrangement utanom kultur- og idrettssektoren, som messer og matfestivalar.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 24.09.2020

Den nye støtteordninga vil gjelde arrangement som er blitt avlyst på grunn av pålagte restriksjonar i samband med koronapandemien, og som ikkje fell inn under eksisterande støtteordningar for kultur- og idrettssektoren. Ordninga er avgrensa til arrangement som har ein regional eller nasjonal verdi, med eit forventa besøkstal på minst 500 personar.

Regjeringa vil komme tilbake til nærare retningsliner for ordninga, storleik og kven som skal forvalte den.

Om støtteordninga for arrangement

  • Arrangementet må ha vore planlagt gjennomført i perioden 5. mars til 31 desember 2020, men som måtte avlysast på grunn av statlege pålegg i samband med koronapandemien.
  • Støttebeløpet blir sett til maksimalt 60 prosent av nettotapet som følgje av det avlyste arrangementet. Støttebeløpet blir avkorta mot anna statleg støtte knytt til tap eller bortfall av inntekt som følgje av covid-19.
  • Det vil vere krav til arrangør at tilsvarande arrangement blir gjennomført i framtida.
  • Det blir lagt opp til at utbetalingane skal skje i første kvartal 2021. Ordninga må fastsettast innanfor rammene av EØS-avtalen sine statsstøtteregler og godkjennast av EFTAs overvakingsorgan (ESA).

 

 

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.