Ny giv i matsatsinga gjennom Matregion Rogaland

Det er stor vilje i regionen til å satse, tenke nytt og samarbeide i verdikjeda for mat og drikke. Dette blir nå synleggjort under ei felles merkevare - Matregion Rogaland.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 30.08.2018

Matregion Rogaland si oppgåve er å løfte fram unike mat- og drikkeprodukt på ulike arena. Målet er å skape meir interesse for produkta og auke verdiskapinga. Det er særs viktig at alle ledd å matnæringa nå står saman om satsinga.

Mange flotte produkt

Eit mangfald av flotte produkt frå heile Rogaland er promotert under den viktige olje- og energimessa ONS i Stavanger denne veka. Laks frå Mikals laks, honning frå Gamletun gaard, eplemost frå Grønvik gard, marmelade frå Litlestøl, spekepølser frå Nyyyt og A.Idsøe, tomatar frå Ryfylke, saft frå Safteriet, ost frå Stavanger ysteri og sjokolade frå Sjokoladehjørna.

Alle må vere med

Rogaland er ein svært robust matregion, med mange aktive gardbrukarar, moderne næringsmiddelindustri, omfattande mekanisk industri og kokkar i verdsklasse.
Matregion Rogaland er eit direkte resultat av arbeidet med «Matverdi for Rogaland» og Regionalt Matmanifest for Rogaland. Og ambisjonen er nå at det blir etablert ein levedyktig organisasjon som er meir enn å vise mat på konferansar og festivalar, der private aktørar er viktige medeigarar.

Kontaktinformasjon Matregion Rogaland er:

Gladmat ved Cathrine Selvaag, mobil 90536673, cathrine@gladmat.no

Det Norske Måltid ved Kristin Austigard, mobil 90193877, kristin@detnorskemaltid.no

 

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.