Økologiske juletre er in

Juletrefelt
Juletrefelt (Foto: Norsk juletre / Fylkesmannen i Rogaland)

Det siste nye innan utstyr og teknikkar i juletreproduksjon vil bli vist fram under Norsk Juletremesse som startar i slutten av februar.

Den årlege messa går av stabelen på Tau og Sola.

28. februar – fagdag hos Rønnaug og Svein Alsvik Tjøstheim, Tjøstheimsvegen 216, 4120 Tau

1. og 2. mars – messe med utstilling og føredrag på Clarion Hotel Air, Utsolaarmen 16, 4055 Sola

Fagdagen på Tau er utandørs med demonstrasjon av utstyr, hjelpemidler i produksjonen og arbeidsteknikkar.

Under sjølve messa på Sola vil det bli sett ekstra fokus på økologiske juletre. I tillegg vil ein få siste nytt innan juletrenæringa og fleire juletreprodusentar vil dele sine erfaringar.

Målgruppe: Juletreprodusentar frå heile Noreg, både nye og gamle og dei som har lyst til å starte med juletreproduksjon.

Prisar, detaljert program og meir informasjon finn du i invitasjonen, og her er lenkje til påmelding

Arrangør: Rogaland Juletre. Juletremessa har eigen Facebookside

Arrangementet har fått finansiering frå Fylkesmannen i Rogaland.