Næringsutvikling i distriktskommunar

Ny rapport frå NORCE stadfester at arbeid med næringsutvikling blir prioritert i distriktskommunar, men det er variasjon i innsatsen. Kommunane framhevar at er det viktig med eit tett samarbeid med næringsliv og verkemiddelapparat.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 19.05.2020

Rapporten frå NORCE er gjort på oppdrag frå Distriktssenteret, og blei lagt fram i april 2020. Det er gjort spørjeundersøking i 175 distriktskommunar, med ein svarprosent på 66.

Tre tydelege funn i rapporten

Rapporten har tre funn som blir framheva:

  • «Attraktivitet» er det innsatsområdet som er vurdert som viktigast. Nye jobbar gir i seg sjølv ikkje auke i folketalet. Kva kommunen kan tilby ut over sjølve arbeidsplassen blir sett på som viktig, og her inngår m.a. nærleik til naturkvalitetar.
  • Lokal mobilisering og statleg oppfølging. Statlege overføringar knyta til distriktsutfordringar blir sett på som viktig, og målretta ordningar knyta til næringsutvikling. Her er Innovasjon Norge viktig.
  • Samarbeid er nøkkelen. Det er ikkje slik at utviklingsarbeid skjer frå ein «einsleg» næringsansvarleg på eit kontor på kommunehuset. Samarbeid mellom ulike aktørar blir sett på som avgjerande for å oppnå resultat.

Landbruket er viktig

Undersøkinga viser at personar knyta til jordbruk og skogbruk bidreg mest inn i næringsretta arbeid ut over reine næringsstillingar. Det kjem også fram at mye av næringsutviklinga skjer i tilknyting til landbruk.

Rapporten finn du på nettsida til Distriktssenteret

 

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.

Kontaktpersonar