Målet for 2019 er auke i bygging av fjøs med 15-30 mjølkekyr!

Vi har nå sendt oppdragsbrev om strategisk bruk av bedriftsretta investeringsmidlar i landbruket til Innovasjon Norge Rogaland. Rogaland er tildelt 47 millionar kroner. Også i 2019 er det særleg framheva at mjølkebruk med 15-30 kyr skal ha prioritet.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 25.02.2019

Landbruks- og matdepartementet (LMD) har, i oppdragsbrev til Innovasjon Noreg datert 29.01.2019, gitt overordna føringar for bruk av midlane. Fylkesmannen har i oppgåve å formidle signal om den strategiske bruken av midlane, i dialog med partnarskapet i landbruket. Vårt oppdragsbrev datert 21.02.2019 er eit styringsdokument for målretta bruk i Rogaland.

Regionalt bygdeutviklingsprogram (RBU) gir føringar

Nyleg revidert RBU er eit viktig styringsdokument for bruken av investeringsmidlane, og dei konkrete delmåla er sitert i oppdragsbrevet.

Fjøs med 15-30 mjølkekyr har klar prioritet

I vårt oppdragsbrev er det også for 2019 framheva at vi vil prioritere fornying av fjøs med 15-30 mjølkekyr, i tråd med klare nasjonale føringar. Vi har presisert at det ikkje skal stillast krav om auka mjølkevolum på desse bruka, grunnlaget skal vere fornying av eksisterande driftsomfang.

Støtte til omlegging i eggsektoren

Eventuell støtte til omlegging i eggsektoren har vor eit vanskeleg spørsmål når det gjeld prioritering av avgrensa midlar. Eggprodusentar kan i 2019 få støtte til omlegging til lausdriftssystem.

Storfekjøt ikkje prioritert

Prognosar viser at det nærmar seg marknadsbalanse også for storfekjøt, og partnarskapet har difor kome til at det ikkje skal løyvast tilskot til nye ammekufjøs, med unntak av tilskot ved generasjonsskifte.

Ny nasjonal ordning med tilskot til gjødselager

Det er nå innført ei nasjonal ordning som gjeld støtte til gjødsellager, i tråd med det som er praktisert i Rogaland dei to siste åra.

Framleis satsing på frukt, bær og grønt

Av brevet går det elles fram at vi vidarefører prioriteringa av frukt/bær/grønsaker, og det er lagt til grunn marknadsetterspurnad.

Miljø og klima meir i fokus

Det er i 2019 gitt auka merksemd på miljø og klima i prioriteringa, eksempelvis støtte til resirkuleringsanlegg i veksthus og plansilo/tårnsilo.

Bygg i tre får ekstra midlar

Prosjekt med energi- og klimaeffektive løysingar skal ha prioritet, og her vil vi særleg framheve bruk av tre som byggemateriale. Vi vidareførar ordninga med ekstra støtte for bygg i tre.

Prioritering av landbruksbaserte tilleggsnæringar

Det er eit klart mål om auke i tal løyvingar innan landbruksbaserte tilleggsnæringar, også ut over føremåla mat og reiseliv.

 

Brev frå LMD og vårt oppdragsbrev finn du i høgremargen.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.