Landbruket sin heiderspris til Anita Øvregård

Bonde Anita Øvregård frå Vindafjord mottok i dag landbrukets heiderspris for 2018.
Bonde Anita Øvregård frå Vindafjord mottok i dag landbrukets heiderspris for 2018. (Foto: John Gunnar Skien / Fylkesmannen i Rogaland)

Landbruket i Rogaland sin heiderspris for 2018 blei i dag delt ut til bonde Anita Øvregård frå Vindafjord. 

Anita driv garden Øvregard i bygda Imsland innerst i Vindafjorden saman med mannen Tore og familien. Anita er heiltidsbonden medan mannen har jobb utanom garden. Heidersprisen består av Rogaland landbruksselskap sitt diplom og eit kunstverk. Prisen skal gå til ein eller fleire knytt til landbruket som siste år, eller i ein periode, har gjort ein positiv innsats ut over det ein normalt kan vente.

Ein god ambassadør for bygda

Øvregård er i dag eit allsidig drive småbruk der mangesysleriet er ein viktig del av årsinntekta til trebarnsfamilien, samstundes som garden og folka der er blitt ein positiv miljøfaktor i bygda. På garden er det 12 mjølkekyr, 20 sauer og 60 høner, i tillegg nokre hestar, kaninar, katt og gardshund.

Anita brenn for å vidareføre tradisjonell kunnskap og kultur, og er blitt ein god ambassadør for bygda si og kommunen. Ho er engasjert i Imsland bygdekvinnelag, der dei blant anna i år arrangerte ei lokal matfestival. Overskotet gjekk til lydanlegg på bygdahuset i Imsland.

Gardsbakeri

Utanom «den tradisjonelle gardsdrifta» er ein av «syslane» til Anita flatbrødproduksjon, noko ho har lukkas svært godt med. Flatbrødet blir i dag omsett i fleire daglegvarebutikkar i Nord-fylket - eit grovt og velsmakande flatbrød med gode ingrediensar inkl. mjølk frå eigen gard.

Dagaktivitetstilbod til personar med demens

Anita driv også eit dagaktivitetstilbod på Øvregård for personar med demens, i samarbeid med Vindafjord kommune. Deltakarane er heimebuande eldre i godt vaksen alder. Gruppa på 6 kjem til gards ein gang i veka, men vil gjerne kome oftare. Turgåing er fast på programmet, så vel som besøk til dyra. I «Larsestova» lagar deltakarane mat, spis og pratar om laust og fast, ofte om «gode gamle dagar». Anita og mannen legg vekt på å ta vare på dei gamle tradisjonane på garden, noko deltakarane set pris på.  Å bake «kråtakake» er populært, som er ein lokal variant av lefse. Egg til kråtakaka finn dei i hønehuset.

Gode opplevingar i kø

På Øvregård er det ei imponerande samling av gamle reiskapar og bruksting som var vanleg å ha på gardane før i tida. Dei er plasserte i ulike bygningar rundt omkring på garden og gjer ei oppleving av å vere på eit landbruksmuseum. Løa er blitt eit flott kurs- og selskapslokale, også pryda med gamle gjenstandar. Her arrangerast alt frå spinnekurs til selskap i lukka lag, med servering av tradisjonsmat eller anna.

Velkommen til Øvregård!

Velkommen til Øvregård! (Foto: Bjørn S. Berg)

Ein del av det gamle hønehuset er blitt gardsbutikk. Her kan ein kjøpe ved, egg og poteter frå garden, og sjølvsagt det heimelaga flatbrødet.

Naust og båt ved sjøen gjer det også mogleg å dra på fiske dersom tida strekk til.

Allsidig produksjon på gardane er spesielt viktig for distriktsbygdene. Alt frå gamle våningshus og løer, eldhus, naust, husdyr, kulturlandskap til kompetente bønder kan utgjere grunnlaget for tenester som storsamfunnet nyter godt av og som sikrar arbeidsplassar og busetting. Øvregard og Anita er eit levande døme på at dette lar seg gjere. Vi gratulerer.