Kurs i jus og siderproduksjon

Interessa for norsk sider er aukande. Matinteresserte turistar ønskjer fleire matopplevingar, og næringa treng norsk drikke med høg kvalitet. Nå inviterast det til kurs.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 02.07.2019

Målet med kurset: Gi ei innføring i produksjon av jus og sider med gjennomgang av dei viktigaste trinna i produksjonen, gjeldande regelverk, og kva som må til for å oppnå drikke av god kvalitet.

Målgruppe: Lokalmatprodusentar innan frukt- og drikkeproduksjon samt serveringsstadar (mindre enn 10 årsverk) med lokalmat på menyen. Det er ein fordel med noko erfaring i pressing av frukt, men kurset passar også for nybegynnarar.

Føredragshaldarar: Åge Eitungjerde, Terje Jonsbråten, Eivind Vangdal m.fl.

Tidspunkt: 30. okt-1. nov

Dag 1: Besøk hos Syse Gard, Apalvegen 104, 5730 Ulvik

NB! Oppmøte kl. 17.00. Her blir det presentasjonar, undervisning, omvising, sidersmaking og mat.

Dag 2: Undervisning på Brakanes Hotel i Ulvik. Besøk og middag med sidersmaking hos Ulvik Frukt & Cideri

Dag 3: Undervisning på Brakanes Hotel i Ulvik. Besøk hos Hardanger Saft- og Siderfabrikk. Slutt kl 16.00


Pris: 3000 kr (inkl. lunsj, kaffe/te, kursmateriell og ein middag med sidersmaking)

Overnatting er ikkje inkludert i prisen. Det må bestillast og betalast av kvar enkelt.

Meld deg på her
Les meir om kurset her

For ytterlegare opplysningar kontakt Heidi Katrine Trige, heidi.katrine.trige@nofima.no, tlf: 995 62 244

Kurset er i regi av Kompetansenettverk Lokalmat Sør

 

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.