Inn på tunet-tilbod til sårbare barn og ungdom

Inn på tunet er tilrettelagte og kvalitetssikra velferdstenester på gardsbruk. Tenestetilboda er retta mot eit breitt spekter av tenesteområde, blant anna barne- og familievern, barnehage, grunnskule og vidaregåande skule. I samband med Regjeringas tiltak retta mot sårbare barn- og unge, peiker landbruks- og matminister Olaug Bollestad på Inn på tunet som eit viktig satsingsområde.

I Rogaland er det 21 godkjende Inn på tunet garder, men fleire er under godkjenning. Fleirtalet av desse gardane har tilbod til barn og unge. Landbruksminister Olaug Bollestad har lenge vore ein positiv talsperson for Inn på tunet satsinga, ikkje minst i høve til utsette barn og ungdom. På heimesida til regjeringa kan du lese at Olaug vil at kommunar og offentlege instansar tek i bruk tilboda som er tilgjengelege.