Fylkeskommunen overtar ansvaret for utviklingsmidlar i landbruket

Fylkesmannen sine utgreiings- og tilretteleggingsmidlar for landbruket blir overført til fylkeskommunen frå og med 1. januar 2020.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 04.12.2019

Dette er eit resultat av regionreforma og eit ledd i å styrke fylkeskommunen si rolle som regional utviklingsaktør. Den nye ordninga heiter «Regionale tilretteleggingsmidlar», og er tidlegast klart for registrering, rapportering og utbetaling 8. januar.

Ny forskrift

Forskrift for Regionale tilretteleggingsmidlar er straks klar frå Landbruksdirektoratet. Den er ny og vil vere styrande for dei to gamle ordningane "Utgreiings- og tilretteleggingsmidlar" (UTM) og "Midlar til rekruttering og kompetanseheving" (RKM).

Søknader

Alt som gjeld gamle UTM-søknader og nye RT-søknader, rapportering og utbetaling skal frå 8. januar skje via portalen www.regionalforvaltning.no

Fylkesmannen sitt økonomisystemet for UTM er stengt ned, og vi har derfor ikkje anledning til å foreta endringar eller utbetalingar i sakene.

Vi håper at overgangen glir godt utan problem, men det kan oppstå utforutsette hendingar.

Utlysing av midlar 

Utlysing av Regionale tilretteleggingsmidlar vil skje i slutten av januar 2020 med søknadsfrist februar/mars. Følg med på www.rogfk.no 

Kontaktinformasjon hos Rogaland fylkeskommune:

Har du spørsmål til registrering, ta kontakt med
Torhild Haugen, torhild.haugen@rogfk.no , tlf 51516928, mob 997 12 309

Har du faglege eller forvaltningsmessige spørsmål, ta kontakt med
Turi Kvame Lorentzen, turi.kvame.lorentzen@rogfk.no , mob 414 73 638 eller
Heidi Skifjell, heidi.skifjell@rogfk.no , mob 975 02 974

 

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.