Er du interessert i å vidareutvikle verksemda di ved hjelp av forsking?

Det blir gjennomført prosjektverkstader i Haugesund 29. oktober og i Stavanger 13. november. Her kan du lære om ulike ordningar og korleis du kan søke om forskingmidlar.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 05.10.2018

Tilbodet passar for verksemder, kommunar og forskarar som skal søkje Regionalt forskingsfond Vestlandet om støtte til bedriftsprosjekt eller innovasjonsprosjekt i kommunal sektor (kallast kvalifiseringsstøtte). Begge har løpande opptak. Det vil og bli gitt informasjon om prosessen for større prosjekt der fristen er i februar 2019.

Forskingstema prioritert i RFF Vestlandet sin Handlingsplan for 2019:

  • Innovasjon basert på teknologi og kompetanse innan hav- og energinæringane
  • Innovasjon innan berekraftig matproduksjon og bioøkonomi
  • Innovasjon i kommunal sektor

Verkstaden er og relevant for dei som jobbar med innovasjonssøknader og nærings- eller offentleg sektor- doktorgrad (PhD) til Forskingsrådet. Nærings-PhD er ein ordinær doktorgradsutdanning som gjennomførast medan kandidaten er tilsett i ei verksemd. Forskinga har klar relevans for verksemda. Tilsvarande for offentleg sektor-PhD som er støtte til verksemder i offentleg sektor med tilsette som ønsker å ta doktorgrad. Både nærings- og offentleg PhD har løpande opptak.

Klikk på lenkjene for meir informasjon og påmelding.

Prosjektverkstad i Haugesund

  • 29. oktober kl 0930 – 1400 på Høgskulen på Vestlandet
  • Påmelding innan 25. oktober

Prosjektverkstad i Stavanger

  • 13. november. Tid og stad ikkje avklart.

Arrangørar er Regionalt forskingsfond Vestlandet og Forskingsrådet.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.