Alternativt på Høg-Jæren

160 meter over havet og med vidsyn utover eit fantastisk kulturlandskap, har bonden Torvald Hadland valt å prøve ut om garden kan levere noko meir enn kjøt, ull og mjølk.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 26.06.2018

Frå «byas» til bonde

Læraren Torvald Hadland vende heim i 2007 etter fleire år som «byas» i Bergen. Garden er ein typisk fråflyttingsgard med eit driftsapparat som var tilpassa drifta på 1970-talet. Torvald er oppteken av å ta vare på garden slik den er nå, og bruke dei ressursane som garden rår over. Han har 100 vinterfòra sauer av rasane rygja og spæl. Her på garden er det lite traktordrift. Den gamle traktoren går 40 timar i året. Hausting av graset har han sett vekk til nokon som driv med leigekøyring, og graset blir pressa til rundballar. Torvald seier han driv med regenerativ beiting. I følgje Matmerk betyr regenerativ beiting: Med målretta beitebruk, blir beitesesongen nøye planlagt. Stikkord er riktig dyr på riktig stad, kartlegging av beiteareala og ein beiteplan. Fleire studiar viser at målretta bruk av beitande dyr kan ha positiv effekt på jorda, og gjere skrinne område meir frodige og motstandsdyktige. Beite kan og stimulere til auka plantevekst, karbonlagring og biologisk mangfald.

Kan ein leve av andelslandbruk?

I fjor starta han opp med andelslandbruk, og det har vore stor interesse for dette. 25 personar har teikna avtale og dei får dyrke grønsaker på det 2,5 daa store fellesarealet. Her såg me kål, salat, purre, potetar, reddik og mykje meir. Kontingenten er på kr 2500 per år pluss 15 timar dugnadsarbeid som planting, luking og hausting. Dette har skapt nytt liv på Hadland, og kanskje kan dette bli den nye næringa på garden?

- Det er gildt, men lett er det ikkje, seier bonden.

Inn på tunet

I ein tiårs-periode fram til 2017 hadde Torvald unge folk i alderen 14 - 16 år hos seg på dagtilbod. Det nye huset har eigen inngang, kjøkken og opphaldsrom for denne gruppa. Håpet er at han kan få til langsiktige avtalar med kommunen om eit fast tilbod for dei unge.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.