Vil du møte lokalmatprodusentar og kokkar?

Vi inviterer til matfestival i Bergen. Som lokalmatprodusent kan du ha eigen salsstand. Er du kokk eller berre "matinteressert" kan du delta på studietur.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 09.05.2018

Samarbeidet på Fjord-Norge sin stand på matmessa «Grüne Woche» i Berlin har gjentekne gangar blitt trekt fram som eit godt eksempel der produsentar og kokkar frå Vestlandet kan utveksle erfaringar og knyte kontaktar. Det har blitt etterlyst fleire samlingspunkt. Vi inviterer nå til Matfestivalen i Bergen som møtearena for produsentar, kokkar og andre lokalmatinteresserte frå heile Vestlandet.

Bergen Matfestival fredag 31. august – søndag 2. september 2018

Matfestivalen presenterer dei fantastiske råvarene som Vestlandet har å by på. På Bergenhus festning blir det marknad der 100 lokalmatprodusentar frå heile Vestlandet sel sine produkt. Elles er det kurstelt, restauranttelt med meir. Festivalen spreier ekte matglede, kunnskap og inspirasjon, og gir publikum Vestlandets beste matopplevingar.

Er du interessert i å ha stand? Informasjon finn du på heimesida til festivalen: www.matfest.no, og vedlagt i artikelen. Frist for å melde deg på er 31.mai. Vi legg opp til møteplassar på kvelden slik at utstillarar kan treffast og mingle.

Vil du bli med på studietur? Vi planlegg ein felles tur for lokalmat-interesserte til Bergen for å oppleve festivalen, delta på kurs og andre sosiale tilstellingar.

Meir informasjon kjem!

 

Og for all del – ikkje gløym festivalar og matmarknadar i Rogaland!

Marked i sentrum           fleire datoer Frukt- og laksefest            7.-9.september
Bondens marked             16.juni og 16.sept Potetfestivalen                  20.-23.september
Gladmat                        18.-21.juli Matfatet på Bjerkreimsmarken  28.-30.sept
Tomatfestival                 17.-19.august

…med fleire!

 

 

 

 

 

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.