Til himmels med humlene

På Jæren summer stadig fleire humler takka vere djup lidenskap for desse livsviktige pollinatorane.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 29.06.2016

Annige gartnarar starta i 2012 import av humler, og dermed fekk styresmaktene noko å bryne seg på. Importen blei først godkjend, for deretter å bli stansa. Miljødirektoratet konkluderte i 2013 med at import av utanlandsk mørk jordhumle til bruk i drivhus som ikkje er rømmingssikre, er i strid med naturmangfaldlova.

Vedtaket har skapt frustrasjon hjå gartnarane, men no ser det ut til at det er lys i tunnellen. For på Jæren satsar humleprodusentane på å auke produksjonen slik at dei skal dekke etterspurnaden frå heile landet.

Noregs humleklynge består av Pollinering AS, Norbol AS og Bombus AS. Dei vil auke produksjonen monaleg, og har mål om å produsere 5000 humlebol per år for å dekke etterspurnaden.

Les meir om humlebolproduksjon i Jærbladet.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.