Stort engasjement rundt mjølk i Dalane

Møtet 27. mars viste at bøndene i Dalane er på offensiven og ønsker å satse på både mjølk og ammeku. Noko av det viktigaste er at både bygg og produksjon er tilpassa garden sine ressursar.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 31.03.2017

Leiaren i Bjerkreim Bondelag, Bente Gro Slettebø ønskte vel møtt (bildet). Ho hadde nok ikkje venta seg ein slik respons, ein måndagskveld tett opp til lemminga. Men responsen blei kolossal, med nær 90 bønder i salen. Bakgrunnen for møtet var å inspirere mjølkebøndene til å finne løysningar på eigen gard, utan å gå i "vekstfella", men utvikle byggeløysningar og driftsopplegg som både gir lønnsemd og arbeidsglede. Slettebø sa at ambisjonen var å peika ut retninga for framtidsbonden i Dalane.

Rimlege bygg til mjølk

Svein-Åge Vangdal, bygningsrådgivar i TINE hadde rimelege bygg til mjølk som hovudtema. Det vere ombygg/påbygg eller nybygg. Han var klar på at det over mange år har vore eit alt for stort fokus på dei store mjølkebruka. Tida er no inne for å sjå på dei "middels store"utan at han ville definere kva storleik det er. Men gjennom døma han presenterte er dette bruk i intervallet 15 - 30 kyr. Enten byggeprosjektet er ombygging eller nybygg, må bonden ha stort kostnadsfokus. Ein tommelfingerregel han bruker er maks investering på  20 kr per liter/kapasitet. I Rogaland kan ein nok rekne med 20% lågare byggekostnad enn dette.

Ein annan regel han flagga var at det krev meir plass å gå frå båsfjøs til lausdrift, heile 70% meir. Dei fleste døma Vangdal presenterte var ombygg/påbygg der investeringskostnaden varierte frå 7 til 17 kr per liter. Fleire av desse med mjølkerobot. Også nybygg er fullt mogleg å realisere for mindre buskapar, men her blir det satt ekstra store krav til kostnadskontroll og ikkje minst viljen til å velje vekt det som er "kjekt å ha".  Oppsummert; mange gode lønsame og funksjonelle løysningar for den framtidige mjølkebonden i Dalane.

Billige bygg til ammeku

Harald Pedersen, Tveit Rekneskap snakka om ammekufjøs. Gjennom prosjektet "Billige bygg til ammeku" , som i hovudsak er finansiert av Fylkesmannen i Rogaland, viser det seg at det er fullt mogleg å bygge både  billig og godt til ammeku. Som eit minimum må byggekostnaden komme under kr 100 000 per mordyr, men prosjektet arbeidde nå med fleire konsept ned mot kr 50 000 per mordyr. Då blir det også økonomi i drifta. Pedersen viste fleire interessante planløysningar og driftsopplegg.

Bjerkreim Bondelag, produsentlaga i TINE og kretsutvalet i Nortura skal vere godt nøgde med dette arrangementet. Mange reiste nok heimover med relativt konkrete planskisser i hovudet! Fylkesmannen i Rogaland ga økonomisk støtte til dette arrangementet.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.