Spis betre - lev betre!

Har du lyst å dyrke din eigen mat, men veit ikkje heilt korleis du skal setje i gong? Kom på møte om urban dyrking, tirsdag 14.mars 2017 i Stavanger. 

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 14.02.2017

Med dette møtet ønskjer vi å skape ein arena for alle interesserte som har lyst å la seg inspirere, vil lære om urban dyrking, høyre om prosjekt på Jæren og treffe likesinna.

Program
18.00  Velkomen ved Annabell Pfluger, Fylkesmannen i Rogaland
18.10  «En spiselig hage midt i byen» - Kneiken i Trondheim ved Andreas Dønåsen
18.50  Beinstrekk og kaffi
19.05  Kva rører seg på Varatun gard? Ved Sandnes kommune
19.25  Det er her det skjer! Dyrkingsprosjekt presenterer seg
19.50  Vil du bli med vidare? Organisering, nettverk og om økonomisk støtte
           ved Annabell Pfluger
20.10  Vel heim


Møtet er i Statens hus, Lagårdsveien 44, 4010 Stavanger.
Påmelding til Annabell Pfluger, 51568971 eller fmropf@fylkesmannen.no

...urbant landbruk, urban agriculture, urban gardening, urban farms, nabolagshagar, …
Urban dyrking er ein del av det urbane landbruket og omfattar bynære dyrkingsaktiviteter der sal av produkt ikkje er hovudformål. Ofte er andre interesser like viktige, som til dømes sosialt fellesskap, utnytting av ubrukt areal, opplæring av barn med meir.

Arrangørar: Fylkesmannen i Rogaland i samarbeid med Hageselskapet Rogaland og Oikos Rogaland.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.