Søk på midlar til utviklingsprosjekt

Mat og reiseliv er satsingsfelt ved tildeling av midlar til utviklingsprosjekt. Søknadsfristen er 12. mars.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 13.02.2018

8 millionar kroner er øyremerka til utviklingsprosjekt, og det er over dobbelt så mykje midlar som for 2017. Hovudmålet i Handlingsprogram Næring 2018 vil vere å bruke midlar på prosjekt som tilrettelegg for vekst og utvikling av mat- og reiselivsaktivitetar i Rogaland. Prosjekt som tilrettelegg for etablering av klynger og nettverk, vil også bli prioritert. Midlane er lyst ut på www.regionalforvaltning.no .

Styrking av matproduksjonen sin posisjon

Dette er godt nytt for matnæringane i Rogaland. Med denne prioriteringa viser den regionale partnarskapen at dei ønskjer prosjekt som skal føre til ny kunnskap, nye produkt og verksemder, fleire sysselsette og nye samarbeidsløysingar innan dei næringane der Rogaland allereie har solide posisjonar. Utgangspunktet er at Rogaland ikkje tek ut potensialet som ligg i havbruk og landbruk det vere seg nye produkt og foredling. Rogaland har ein fantastisk natur og kjempestor tilstrøyming av reisande, men vi treng fleire attraktive tilbod som kan føre til at dei reisande blir verande lengre i området. Og da snakkar vi om fleire overnattingsplassar, meir servering og sal av lokalt mat og drikke, fleire aktivitetar på sjøen, i fjellet, og langs elvene og kystlina. Ofte er det små, men fantastiske verksemder som er krydderet i denne samanhengen. Skal desse syne igjen i det store bilete, er det veldig viktig at dei går saman om fellesløysingar.

Har du gode idear som er innanfor målet med midlane, så søk gjerne.

Handlingsprogram Næring for 2018 følger opp regionale planar og strategiar på næringsutviklingsområdet. Dette er eit samarbeid mellom Rogaland fylkeskommune, Innovasjon Norge og Fylkesmannen i Rogaland.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.