Sårbar på dyrehelse, men handlekraftig

Husdyrproduksjonen i Rogaland er sårbar på grunn av stor dyretettleik, nærleik til kontinentet, mykje reiseaktivitet, stort omfang av utanlandsk arbeidskraft, handel med maskinar og utstyr og nå i det siste med aukande import av dyr (spesielt kjæledyr).

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 14.11.2017

«Stopp spreiinga av smittsame sjukdommar» er eit prosjekt som blei initiert hausten 2016 av bønder som fekk utfordringar med klauvsjukdommen Digital dermatitt i sine storfe-buskapar. Det blei sett i gong eit omfattande arbeid med å involvere aktørar som ville ha interesse for resultatet av prosjektet. Prosjektleiar er TINE, og med seg har dei Q-meieriet, Nortura, Fatland, Prima Jæren, samt respektive produsentlag, Tyr, Klauvskjerarlaget, Veterinærforeininga, Mattilsynet og Fylkesmannen i Rogaland.

Kunnskapsbygging

Alle dei involverte aktørane har etterlyst ein meir koordinert prosess og meir målretta tiltak for kunnskapsbygging med tanke på smitteførebygging. Difor er det viktigaste tiltaket nå å få spesialutdanna veterinærar i kontakt med flest mogleg bønder. Aktørane har blitt utfordra til å lage i stand møteplassar for bønder, gjerne «små møte i små bygder». Veterinærane legg i sine føredrag vekt på at bøndene i større grad må verne om sin eigen gard, som til dømes rett bruk av smittesluse, restriktiv tilgang for sjåførar og andre som går mellom gardsbruk, bruk av klauvskjerar og reglar ved import av dyr og utstyr. I tillegg blir det gitt råd og rettleiing for observasjon av og behandling av diagnostiserte dyr. Det er sett av god tid på møta til deling av kunnskap og ikkje minst erfaring.

Felles løft

Husdyrprodusentane i Rogaland har ei stor utfordring med å stoppe smittsame sjukdommar. Prosjektaktørane meiner at dette skal la seg gjere, men da må heile mat-verdikjeda løfte i lag. Og det er det vi er i gang med no. Dette prosjektet er berre starten på eit meir omfattande arbeid som vil strekke seg over fleire år. Det er mellom anna aktuelt å kople dette prosjektet på eit nasjonalt forskingsprosjekt innan Digital dermatitt.

Styresmaktene, ved Mattilsynet og Fylkesmannen, har eit særskilt ansvar for beredskapsarbeidet på landbruksområdet. Beredskap handlar mykje om førebygging og å gjere næringa og dei ulike instansane så gode som mogleg. Innsikt, respekt og samarbeid er nøkkelen til best mogleg førebygging.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.