Opningsfest for nytt fruktpakkeri i Årdal

Ryfylkefrukt SA (samvirke) eig pakkeriet som er etablert på Svadberg industriområde i Årdal. Laurdag 5. august er det klart for høgtidleg opning. Fylkesmannen Magnhild Meltveit Kleppa står for opninga

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 13.07.2017

Byggeperioden har vore kort og hektisk. Det var i vinter dei første spadestikka blei tatt og eigarane hadde mål om å det klart til 1. august. Og det klarer dei.

Aukande fruktproduksjon

Fruktproduksjonen i regionen låg på vel 300 tonn årleg fram mot 2016. Kalkylane for 2020 viser 800 – 1000 tonn. Fruktpakkeriet blir ein sentral aktør i denne utviklinga. Etableringa av eit eige pakkeri i den mest fruktintensive delen av Rogaland er berre eitt av fleire tiltak i fruktsatsinga.

Mange gode krefter på lag

Satsinga blei for alvor dratt i gang i 2014 av Rogaland fruktdyrkarlag, Norsk landbruksrådgiving, Ryfylke IKS og Fylkesmannen i Rogaland. 15-20 fruktdyrkarar har fått investeringsmidlar frå Innovasjon Norge, og dei har lagt om til ein meir effektiv produksjonen som skal gi betre kvalitet og lønsemd. Revitaliseringa har vore ein suksess så langt, men fruktdyrkarane i Rogaland kviler ikkje på laurbæra. Eige fruktpakkeri er no på plass.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.