Nye arbeidsoppgåver for bygdeservice

Samfunnet endrar seg, dei eldre bur lengre heime og folk kjøper tenester i større grad enn før. Vaktmeister for folk som er på ferie, stell av graver og opprydding i konkursbu/dødsbu er oppdrag som Bygdeserviceforetak gjerne tek på seg.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 10.05.2017

Nes Bygdeservice frå Akershus var på Tau 9.mai og fortalte korleis deira bygdeserviceføretak hadde utvikla seg frå å vere eit tradisjonelt føretak til eit framoverlent føretak med nye arbeidsoppgåver der kvinner i mykje større grad enn før var involvert. Dette var noko som Strand, Sola/Stavanger, Bokn og Randaberg Bygdeservice vart inspirert av å høyre. Nes Bygdeservice tilbyr tenestene sine som eit supplement til kommunen sine heimetenester – alt får å vaske tak, skifte gardiner, handling og reinske takrenner. Dei har laga ei brosjyre som viser kva dei kan tilby. Denne er distribuert til legekontor, kommune, blomebutikkar og andre stader der dei eldre og deira pårørande kan finne informasjon. Ei ypparleg julegåve har vore eit gåvekort frå Bygdeservice til dei som har alt.

«Eg kunne ikkje budd heime, viss dykk ikkje hadde vore her og gjort desse oppgåvene» er ei av tilbakemeldingane Nes Bygdeservice har fått. No kan dei pårørande drikke kaffi i staden for å arbeide når dei kjem på vitjing til foreldre sine.

Reinhald er også noko som Nes Bygdeservice har starta med. Dersom ein skal tilby reinhald til bedrifter og kommunar må føretaket godkjennast av Arbeidstilsynet. I søknaden må det leggast fram dokumentasjon på godkjent bedriftshelseteneste, verneombod, yrkesskadeforsikring og skriftelege arbeidsavtalar. Alle arbeidstakarar skal ha ID-kort, på same måte som i Bygg- og anleggsbransjen. Under møtet på Tau vart det diskutert korleis ein kunne kome inn på nye marknader, korleis få tak i dei retta personane og marknadsføring. Det er ingen fasit på korleis dette skal gjerast, og kvart bygdeserviceforetak må sette seg ned og finne sin veg.

Solfrid Skjeflo Jellum har tidlegare vore dagleg leiar i Nes Bygdeservice ga deltakarane mange gode tips om korleis dette kan gjerast.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.

Kontakt Kari Sand

Kari Sand
Kari.Sand@strand.kommune.no
Tlf: 950 31190