Nordisk Inn på tunet-samling i Kristiansand

Korleis kan kontakt med planter, dyr og naturopplevingar gje betre livskvalitet for ulike brukargrupper? Det er hovudtemaet på Inn på tunet-konferanse i Kristiansand 31. oktober - 1. november. Konferansen blir samkøyrt med Nordisk forskarsamling innan «Green care and nature based interventions» og finn stad på Scandic Sørlandet Hotell Kristiansand.
Dag 1 vil i hovudsak ta opp fråfallsproblematikk og aktuelle tiltak for barn og unge.
Dag 2 vil handle mest om tiltak for eldre og personar med demens.
Det er mogleg å delta berre ein av dagane. Nærare program finn du her
Målgrupper:
- leiarar og tilsette i helse-, sosial-, NAV- og utdanningssektoren
- tilbydarar av velferdstenester frå landbruket
- aktuelle kompetansemiljø og brukarorganisasjonar
- politikarar, pårørande og andre interesserte
Påmelding innan 25. oktober via heimesida til Universitetet i Agder (men så snart som mogleg dersom du treng hotellovernatting).
Arrangør:
Fylkesmannen i Aust- og Vest-Agder, Fylkesmannen i Rogaland, Universitetet i Agder og Nasjonalforeningen for folkehelsen.
Meir om Inn på tunet hos Fylkesmannen i Rogaland.