Meir mat på mindre areal

Teknologisk utvikling med auka bruk av biologiske, fornybare ressursar må til for å kunne produsere mat på ein meir berekraftig måte.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 30.03.2017

- Det må vi klare for å redde kloden, sa Alvhild Hedstein på Landbrukspolitisk konferanse i Stavanger førre veke.

Alvhild Hedstein heldt eit flammande innlegg om klimaproblemet som er ubalanse i naturens sitt kretslaup. Klimaendringar fører til tørke og kamp om vatn- og jordressursane, jamfør tørke og svolt i Etiopia og Syria. Vi hadde ein bioøkonomi basert på fornybare ressursar fram til industrialiseringa på 1800-talet. Nå er den 150 år gamle fossiløkonomien på hell, og vi står igjen overfor ein ny økonomi som er basert på fornybare ressursar.

Det kan forventast tre gongar større omsetnad av matvarer fram mot 2050 på grunn av folketalsauke. Utfordringa er dermed gitt.

- Vi må bruke skogen og jorda smartare. Det er heilt avgjerande for framtidas matproduksjon at vi produserer på marginale område og brukar vår kompetanse, sa Hedstein.

I følgje Parisavtalen (klimaavtale) må Noreg truleg redusere sine klimagassutslepp med 20 %. Hedstein meiner at landbruket i Noreg i sum er klimapositivt, men spørsmålet er korleis vi kan bli betre?

- For å nå måla i Parisavtalen, er det avgjerande at vi klarer å sjå havbruk og landbruk i samanheng, sa Hedstein. Til dømes proteinproduksjon frå tang og tare.

Digitaliseringsrevolusjon

Ein digital revolusjon med «big data», dronar og robotar kjem til å gjere matproduksjonen meir effektiv og miljøvenleg, men verdikjedene må vere førebudde på ei kraftig endring.

- Vi står overfor ein digitaliseringsrevolusjon der 30 – 40 % av arbeidsplassane slik vi kjenner dei i dag vil vere borte om kort tid, sa Petter Haas Brubakk, NHO mat og drikke.

Det skjer ei rivande teknologisk utvikling i landbruket og i andre bransjar. Petter Haas Brubakk trakk spesielt fram digitalisering som den viktigaste endringsfaktoren. Og kompetanse vil vere nøkkelen til suksess. Når det gjeld jordbruksvarer, trur Brubakk at vi vil få nye produksjonsformer, mindre matsvinn, fleire nisjeverksemder, produkta raskare til marknaden, betre kundeinnsikt (datalagring) og meir avansert prosessindustri.

Best på fiber, gass og straum

Digitalisering og robotisering har ei eksponentiell utvikling, noko som betyr at pilene peikar bratt oppover.

- Dette kjem for fullt og i landbruket, sa Eirik Gundegjerde frå Lyse. Teknologien for bruk av attkjenning av bilete, dronar og sjølvgåande køyretøy, den finns. Det handlar om ta dette i bruk.

- Skal vi klare å hente og bruke nyttig informasjon frå «big data» og analysar, må vi ha skikkeleg kommunikasjon og infrastruktur. Rogaland har det! Vi er den regionen i Noreg som er best på infrastruktur for straum, gass og fiber. Det er klart vi kan bruke dette inn mot biogass og landbruket elles, sa Gundegjerde.

Presentasjonane frå konferansen finn du her.

 

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.