Lokkar turistar til Lysefjorden

I Ryfylke har ei lita bedrift spesialisert seg på småskala, personleg og unik fjellturisme av høg kvalitet.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 07.03.2018

Landskapet ved Lysefjorden er spektakulært og eit ynda turistmål i Rogaland. Outdoorlife er ei lita bedrift i vekst som satsar på småskala, personleg, unik fjellturisme i Ryfylke av høg kvalitet. Bedrifta spesialiserer seg på guida fjellturar til Preikestolen, Kjerag og Lysefjorden. Verksemda har frå starten av hatt fokus på å skape noko innovativt og nytt, noko som skil seg ut frå eksisterande tilbod. Filosofien til gründeren bak Outdoorlife Norway, Johannes C Apon, er å seie "JA!" til gjester som ønsker å vere aktive i rogalandsnaturen.

Satsar på skuldersesongane

Størst merksemd frå både norsk og utanlandsk media har han fått når han arrangerer soloppgangs- og vinterturar til Preikestolen. Etter starten i 2014 har verksemda vakse frå 1 til 4 tilsette, og veksten ser ikkje ut til å minke med det første. I 2017 vart det for første gong arrangert meir enn 365 turar, éin kvar dag. Ved å satse på skuldersesongane og "annleisturar" med lokale guidar, er målet å få ein vinn-vinn-vinn-situasjon: stor glede, lokale ringverknader og trygge arbeidsplassar året rundt. Det er dei utanlandske gjestene som er villige til å betale ekstra for unike opplevingar. Visjonen for framtida er å utvikle nye attraksjonar, spanande turprodukt og utvide turiststraumen.

Lysefjorden prioritert i Regionalt miljøprogram

Eit aktivt jordbrukslandskap er ein del av totalopplevinga området kan by på. Lysefjorden har i mange år vore prioritert i Regionalt miljøprogram, med tilskot til beiting og slått av jordbruksareala innanfor Lysefjordbrua (som kan skimtast på biletet). Areala er tungdrivne med små og bratte teigar, og fleire stader blir sau frakta inn med båt. At regionalt miljøtilskot og SMIL- midlar har utløysande effekt blei poengtert i Ecofact sin evaluering av tilskotsordninga i 2016.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.