Lokalmat frå Rogaland på veg til Tyskland

Varene er levert - nå gler produsentane og reiselivsbedriftane seg til å gjere ein innsats på Grüne Woche.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 11.01.2018

Nedteljinga til Grüne Woche har begynt og i desse dagar sendes dei siste produkta frå Rogaland til Berlin. På bildet ser du Ingve Berntsen frå Gausland Fjordfegarden, som kjem med kjøt frå grasfora Fjordfe til speditøren.

Det er ikkje bere kjøt som skal presenterast i Berlin. Ingve, skal saman med fire andre servere smaksprøver og presentera Fjord Norge. Desse skal saman med dei andre Vestlandsfylka, presentera ein smakebit av Norge på den Norske Paviljongen. Dei andre som skal delta frå Rogaland er Elisabeth Grønvik frå Grønvik gard med eplemost, Georg-Fredrik Ueland frå Nyyyt med pinnasteik,  Lothes Mat og Vinhus og Energihotellet. Med seg har dei eit mangfald av lokalmat frå heile Vestlandet.

Det krev mykje førebuing for å gje besøkande ei autentisk oppleving

Etter at Berntsen leverte frå seg kjøtet, senkar han skuldrane etter ein travel tid med førebuing, og seier: «Nå gler eg meg til å stå på stand i Berlin og å snakke varmt om den flotte naturen og den gode lokalmaten her hjå oss.»

«Besøkande på messa får en autentisk oppleving når dei kjem til den Norske Paviljongen. Her får de ikkje bere servert noko av den beste maten Noreg har å by på, men har også anledning til å snakke med produsentane. Tyskarane set veldig pris på den direkte kontakten», veit Annabell Pfluger frå Fylkesmannen.

Fakta om Internasjonale Grüne Woche

Internasjonale Grüne Woche (IGW) er en av verda si største messer for mat, gartneri og landbruk og arrangerast i Berlin mellom 19. – 28. januar 2018. På nasjonale stands bli det presentert matkultur frå nærmare 60 land. Totalt deltar over 1,600 utstillarar med over 100,000 produkt frå heile verda. Det ventast rundt 450 000 besøkande. I år kjem det om lag 60 utstillarar frå tre regionar i Noreg; Fjord Norge, Trøndelag og Fjell Norge.

 

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.